lørdag 23. oktober 2010

Ut mot havet.

Vinterbilde av Nesje og Olderveggen i sol - utsikt frå hytta.

Utsikt austover mot Bremangerpollen

Hornelen i vinterskrud.

I og med at det kom snø så tidleg i år, og det raskt blir kortare dagar, tok vi turen til Nesje i dag for å stenge hytta for vinteren. Det var meldt fint ver, dårlegare framover. Vi tok sikte på 09.50 ferga frå Måløy og tok Jeepen, då vi var usikre på kor bra siste vegstubben ville vere. Vi hadde god tid på ferga, så vi tok ein liten runde i Måløy sentrum og såg oss om - og like ved bensinstasjonen merka Svein at vi hadde punktert på venstre framhjul. Kan ikkje hugse at vi har punktert før, reservedekket er 15 år gamalt og ubrukt. Vi skifta dekk - men tok ikkje sjansen på å fortsetje turen utan reservedekk - i tilfelle dei andre vinterdekka også var byrja å tape seg. Vi køyrde derfor heim att og henta reservedekk og rakk neste ferge frå Måløy 12.05. Tok ein rask tur til Kalvåg og handla litt, men fiskebutikken var stengd, så det vart ikkje vintertorsk denne gongen. Alt vel på hytta, så det gjekk raskt å ordne for vinteren.
Litt vemodig at det er slutt for i år, men vi får glede oss til våren og håpe på mange fine turar i 2011. Det passa best å ta ferga frå Isane på heimturen, men sjølvsagt litt smalare veg her og der. Godt å kome heim att og fyre i omnen.

5 kommentarer:

STRIKKEMOR(O) sa...

Flotte vinterbilder frå Nesje og av Hornelen!!

Elin sa...

Alltid vemodig med milepelar som t.d. vinterstenging av hytte...men som han sa gamle Jens om sola, ho må vere vekke for å kome att.

Besta sa...

Litt av ein fart på dokke i dag, altså. Det kan no komme fine dagar etter desse, håper eg. Det er for tidlig med vinter!

Besta sa...

Fine naturbilde forresten!

Hildegard sa...

Hytta er bygd i 1980, ikkje vinterisolert, ikkje elektrisk lys eller frostfritt vatn, så vinterstenging har vore tradisjon dei 16 åra vi har hatt hytta. Stor forskjell på dei hyttene folk byggjer seg no for tida...