Gratulasjonar også til kong Harald med bursdagen hans.
søndag 21. februar 2010
Henning 6 år!
Gratulasjonar også til kong Harald med bursdagen hans.
onsdag 17. februar 2010
Første soldagen
Frå Opera- til Kyrkje-konsert

I desse OL-tider kan det vere godt å kome seg ut av huset. Det ser ut til at NRK har gløymt at det er sjåarar som ikkje er så interessert i sport, og at dei burde flytta sporten til NRK2 eller ein annan eigen sportskanal - gjerne døgnet rundt for min del. Nok om det - siste veka har det vore kor-veke i Eid, først Requiem i Operaen fredag og i går kveld Exeter Domkirkekor i Eid kyrkje. Det er berre fantastisk å sjå og høyre så unge jenter og gutar i samstemd song med vaksne mannsstemmer. Tidlegare var dette berre eit manns- og gutekor, jentekoret var starta i 1994. Privat innkvartering, både Signe og Rasmus hadde engelske overnattings-gjestar.
søndag 14. februar 2010
Frå Requiem til tulipaner

Fredag kveld inviterte eg med meg LilleMø i Operaen. Michael Pavelich dirigerte stort opera-orkester, fire solistar, skulekoret ved Firda Vg.sk., Ålesund Operakor og Nordfjord Operakor i Requiem av Giuseppe Verdi. Litt av eit samspel med så mange aktørar på sena på same tid. Artig å sjå ungdomen så entusiastiske i ei så krevande framføring. Laurdag hadde dei framføring på Sandane og i dag i Førde. Tulipanane er frå mine 3 godt vaksne barn på morsdagen. Kjekt å bli hugsa på med blomar.
søndag 7. februar 2010
Gratulasjonar i januar og februar
Denne vakre orkidéen, fekk vi frå Olaug og Nils som kondolanse i januar då mor gjekk bort -tusen takk. Orkidéen står like fin endå, bildet er tatt i dag.No ventar vi berre på at sola skal glytte ned Os-skaret til oss i dalbotnen - det blir vel i skuleferieveka. Er reint misunneleg på dei som bur på solsida og har hatt masse sol i klarveret denne etterjuls-vinteren.
Vil gratulere alle eg kjem på som har bursdag i februar: Oddvar, Anne-Marie, Margunn, Henning - og sikkert mange fleire.
I januar var det bl.a. Magnus, Øyvind, Marta og Signe som feira bursdag. Gratulerer!
mandag 1. februar 2010
Snø og kulde
Det vart litt av ein snø- og kuldevinter her i år. No er vi inne i andre kuldeperioden, godt å ha mykje ved og varmepumpe. Smale vegar og vanskeleg å parkere i Alleen. Snøen ligg tungt på greinene og 1. etg. postkasser er nedsnøa. Viktor har laga djupe spor i snøen ute i hagen og sola skin på Skårhaugnakken. Vi må nok vente nesten 3 veker på sola her, men trass i kulden er det kjekt med stabilt ver.
Abonner på:
Kommentarer (Atom)