
I går feira Ingrid og Lars (fetter) konfirmasjon. Fullsett kyrkje, der alt gjekk rett og riktig for seg. Overasking til prest Terese (og ektefelle-prest) på slutten av gudstenesta, då alle konfirmantane gjekk fram i koret og song "You rise me up" til vakker pianomusikk. Preste-paret skal no flytte attende til austlandet, der dei begge kjem frå, i samband med at eldste barnet deira skal byrja i 1. kl. frå hausten av. Felles-selskap på hotellet, middag og kaffe. Konfirmantane og foreldra delte på presentasjonar, taler og underhaldning. Koseleg og avslappa stemning.
Ein fin dag. Foto av konfirmantane ved hotellet og i Jektehola.