torsdag 22. januar 2009

Gratulerer oldemor Astrid med 89 års dagen!

Koseleg bursdagsfeiring på Eid Eldretun i ettermiddag/kveld.
Andersenkake og lefser frå Eid Minibakeri (tidl. Smørdal og Rasmussen).
Mor Astrid har vore ei god mor og bestemor og har alltid tenkt på oss andre først.
Det er lett å bli glad i henne, syting og klaging er ikkje hennar stil.
Ho er så takksam for at ho har godt stell og snille hjelparar på aldersheimen.
Bildet er tatt av Kristine i fjor sommar på balkongen til aldersheimen.
Det er også ho som har perla hjartet og pynta gåstolen.

mandag 19. januar 2009

Øyvind 16 år


Vi gratulerer Øyvind med 16 års dagen, snart vaksen kar. Han byrja og snakke "reint" tidleg, var flink å konversere og var nysgjerrig på det meste, ein muntrasjon i mange samanhengar, mange gode minner. Han var veldig interessert i traktorar ein periode, no er det musikk, data og fotball som er i skuddet.

tirsdag 13. januar 2009

20. dag jul


Frå gamalt av vart det sagt noko slikt som: "20 dag jul jagar Knut ut", så i dag (eller i morgon...?) må eg vel pakke vekk juletreet. Det er eit lite plast-tre på 160 cm, men det gjer god nytte for seg, slepp allergi og dryssing av nåler. Stor kontrast til då eg var yngre og tykte at juletreet måtte gå heilt i taket. Av ein eller annan grunn har eg hatt ein viss motvilje mot å "pakke ned jula" i år, tykte jula gjekk så fort, trur det må vere alderen. Ute har det regna i fleire dagar, etter eit lite snøfall i forrige veke. Utriveleg å vere ute, men ein slepp glatte vegar.

torsdag 1. januar 2009

Julegåver




Fekk lyst å skrive litt om julegåvene vi fekk i år.
LilleMø og gubben spanderte skotøy. Dock Boots til Besten som han anbefaler på det varmaste.
Av Lappetausa fekk vi ein vakker qvilta juleløpar (90 cm x 37) + ei lita toilettveske.
Sjølvsagt altfor mykje, men kjekt å få for meg som ikkje syr sjølv. Tusen takk!
Kjekt med bøker også, gled meg til å ta fatt. Elles fekk vi dvd-filmar (så gode at dei p.t. er ute til låns), strømper, undertøy, TV-kanne, kortstokk, liten lysestake og diverse godtteri og småting. Artig å få presangar, sjølv for oss godt vaksne, tusen takk, og takk for ei fin jul i lag med familien.
Elles har vi kosa oss med den engelske TV-serien Cranford i jula.

Gratulerer Magnus og godt nytt år til alle!

I dag er Magnus 14 år, ein vakker ung mann, glad i å spele fotball.
Heilt utruleg kor tida har gått, tykkjer ikkje det er lenge sidan vi feira nyttårskvelden her hjå oss. Vi skjøna vel at noko var på gang, for dei to eldre brødrene overnatta her hjå oss, og om
morgonen var gut nr. 3 komen til verda.
Det har vore ein innhaldsrik desember mnd. med mykje sosialt samvær.
Det starta med 60-års dagen den 6. til svigerinna mi på Stårheim med stort selskap, bursdagsfeiring for Roger den 7. og HP på Os den 17., middag på hotellet med Signe og Kåre, julekveld hjå Audny, bryllaupsfest for SK og M på Stårheim, kalkunmiddag hjå SI, minestronesuppe-party hjå Audny, nyttårsmiddag hjå oss +++.
Nyttårskvelden feira vi stille og roleg heime saman med hunden, Viktor, mens dei unge feira bursdagen til Magnus og overgang til nytt år i Kvernhusvegen.