mandag 31. januar 2011

Inne-måndag

Langevatnet i Fladalen (Stigedalen). Svein sitt siste ferdige prosjekt denne vinteren 2010/11.

Henning i full konsentrasjon i dag i Alleen.

Det er blitt mange inne-dagar denne vinteren, verst no når det skiftar mellom regn og glatte vegar. Fleire i familien har hatt influensa, Henning er feberfri i dag, men litt slapp. Vi har spela sjakk, og som vanleg slo han meg galant. Elles blir det TV, DS-spel og Svarteper.
Når det gjeld servering, blir det oftast pannekaker, boller, pølse og vestlandslefse, - usunt, sjølvsagt, men noko må han få i seg, og hos mormor er det lov.
Besten har sine hobbyar så dagane blir ikkje lange. Han har måla fleire fine bilder denne vinteren, nokre frå Stigedalen. Vi tek ein del bilder sommar/haust som han brukar som motiv. Litt vanskeleg å få gode foto av måleria, bør nok fotografere før han legg på vernisasj
(glans som beskyttar fargane).

lørdag 22. januar 2011

Inne-laurdag

I dag er det ikkje noko vits i å gå ut, sjøl med gode regnkle. Det er glatt og ein kan vel seie at det regnar "trollkjerringar". Audny har riktig nok vore her ein tur, men ho MÅ ut med Viktor - og ho har PIGGSKO. Ho stikk av og til innom på laurdags-lufteturen med Viktor og då har vi oss ei koseleg kaffistund.
I dag er det bursdagen til mor Astrid. Ho var Vannmann og far Kåre var Tvilling - og det skulle visst vere ein fin kombinasjon. Strikkemor- og -far har same kombinasjonen, men omvendt. Strikkefar skal snart feire 1/2 hundre år - heilt utruleg - hugsa godt då han som ung student var innom banken og fekk studielån av meg...
Vi tek det roleg slike dagar, besten driv med slektsforsking på data, kabal og måling. I vinter har han m.a. måla vakre bilder frå Fladalen (Stigedalen), må vel snart ha salsutstilling?
I går kveld var heile familien på Golvsengane og feira 18-årsdagen og sertifikatet til Øyvind. Berre Stig, som studerer i Bergen, var fråverande, men dei får vel ta det igjen seinare. Det blir nok vanskelegare å samle heile familien etter kvart som barnebarna blir vaksne.
Ingrid, som vart sparka i låret av ein hest på torsdag, kom på krykkjer. Det var ein hest til ei venninne som skapte seg galen på Hestesenteret og sparka henne og ei anna jente, heldigvis gjekk det bra med begge, ingen brot, men den andre jenta fekk hjernerystelse og låg ei natt på sjukehuset. Ikkje heilt ufarleg denne sporten heller.
Ønskjer alle ei fin helg!

onsdag 19. januar 2011

Bursdager i januar

Stein Inge og Margunn har 2 gutar som har bursdag i januar. Magnus den 01. jan og Øyvind den 19. jan. Vi gratulerer Øyvind som myndig og klar for sertifikat. Enkel feiring på Golvsengane med besten og besta i kveld, fam.treffet blir i helga. Bildet er frå 2001 og her er storebror og veslesyster med.

lørdag 1. januar 2011

Gratulerer Magnus!

Gratulerer barnebarnet vårt, Magnus, med 16 års dagen i dag!

Godt Nytt År!

Ønskje slekt og venner eit riktig godt nytt år!
Fekk lyst å leggje ved eit bilde frå 70-talet.