tirsdag 31. mars 2015

Gratulerer eldste døtra vår, Audny Møyfrid Strøm Bergset, med 50- årsdagen!


To gode venner i 2015:


Barnedåp i Stårheim kyrkje og feiring i Torvika 31. mai 1965:


Audny feirar dagen på Fuerteventura i lag med mann, barn, kjærestar og eit tantebarn.  Vi har Viktor i pensjon og får litt ekstra trim når vi går kveldstur med han i Malakoff.  Det er kuldegrader om natta og skiftande ver dagane, så vi unner jubilanten sol og varme i påskeferien.

søndag 15. mars 2015

Søndagstur til Selje



Ytre Fure, heilt ut mot Stadhavet.ikkje veg dit, berre ei rås.  

Indre Fure.

Indre Fure.  

"Sildegapet".  Utsikt mot Mehuken vindmøllepark og Kråkenes fyr i sørvest.

Bygda Drage. Her var det Vikingane drog båtane over Dragseidet til Leikanger
ved  Vanylvsfjorden når det var dårleg vêr over Stadhavet.  
Det har vore skyss-veg over dette eidet før i tida.

Bautaen på "Kongshaugen". Her stod Olav Trygvason og tala til leiarane
for 4 fylke i år 997.  "Sildagapet" i sør.

Kong Harald var her på 1000-årsjubileet.

Steinkrossen som vart reist i 1913. Utsikt mot Vanylvsfjorden.

Arenaen for Dragseidspelet "På Sverdeggja".
http://www.dragseidspelet.no/2011/


Bilturen gjekk til Flatraket-Selje-Leikanger-Drage (Dragseidet)-Fure og heimover via Åheim og Maurstadeidet. Før vi kjøpte hytta ved Kalvåg, tok vi ofte ein biltur til Selje og Stadlandet i påska. Vi har vore på dei fleste stadane ute ved havet der, men aldri heilt til Fure. I dag hadde vi kjempever, sol og vindstille, såg mange soltilbedarar som hadde funne seg rasteplassar i fjøra ved vegen ut mot Fure.

søndag 8. mars 2015

Kvinnedagen 8. Mars

8. mars - toget på Nordfjordeid i dag (klipp frå Fj.bl.),




I går på Sandane, vart Eid-jenter 15 år Kretsmeisterar i innandørs fotball.  Pappa Stein Inge er stolt trenar og Kristine, nr 2 framme frå venstre, og laget hennar ser ut til å glede seg over resultatet dei også.

mandag 2. mars 2015

1. mars og søndagstur "på gjengrodde stier"




Mykje regn og vind siste dagane, ikkje mykje vi har sett til sola som vi har hatt i snart 2 veker.  Det var eit len midt på dagen og vi tok ein biltur til Stårheim og Stårheimsdalen.  Den garden som ligg lengst oppe i dalen på nordvest sida av elva, "Berget" eller "Nyberget", var barndomsheimen til oldemor Anne Botn, mor til farmor Anna Samuline Botn Torvik.  Oldemor var gift med Jørgen (Jørn) Botn, bonde, lærar og klokkar i Stårheim.  Farmor Anna var 11 år då mor hennar døde i 1893. Dei var 5 syskjen, ho einaste jenta som sikkert måtte ta mykje av ansvar for dei 3 yngre brødrene.  Året etter gifta faren seg opp att med syster til Anne, Helene Berge, og det kom fleire småsyskjen.