torsdag 23. juni 2011

Jonsokfeiring i Os-fjøra

Koseleg jonsokfeiring i tradisjonell stil. Vi var som vanleg mange, sjølv om vi mangla Ole, Stig og Hans. Her er det restar av kaninburet til Stein Inge som går opp i flammar. Vi fire besteforeldra fekk sitje godt og varmt i kasserte sofaer, godt at Oddvar har god plass i naustet. Vi feira etterpå-bursdagen til Hilde med kanelsnurrar, sjokoladekake og grillmat.

søndag 19. juni 2011

Harpefossen hyttegrend

Øverst: Utsikt frå hyttefeltet og fram gjennom Smørdalen, Hjelmelandsdalen, mot den snødekte Gjegnen-fjellheimen langt i vest
Nedanfor:
Utsikt frå hyttefeltet mot dalen/skaret som går over til Fossane. Det skal visst nok bli ridesti frå Fossane til Harpefossen:

Dei øverste hyttene er langt oppe i fjellsida. God veg heilt opp:
Utsikt mot Tippasætra:
Lengst nede i feltet, nær det eldste trekket og Varmestova:
Vi tok oss ein biltur ut på Stårheim kyrkjegard, bursdagen til far og Elin i dag. Elin er i Dublin på songartur. Deretter køyrde vi gjennom Remmedalen og inn på Harpefossen. Vi har ikkje vore så langt opp i hyttefeltet tidlegare. Store hytter og flott utsikt, rikingar frå Måløy og Møre m.fl. har befolka dalen. Det er bygt eit heilt nytt skitrekk i tillegg til det gamle anlegget med varmestove og kiosk. Bygever i dag, fint når sola fekk sleppe til. Dei som har vore vekke i helga og siste veka er på veg heim igjen.

onsdag 15. juni 2011

Hyttetur

Måndag, 2. pinsdag, tok vi dei gamle tre-hagemøblane i hengaren og reiste ut på hytta: benk, to stolar og bord. Praktisk med tunge ute-møblar ved havet. Måndag var det fint ver og vakker solnedgang ca. kl 23.15. Men som det viser på bildet, følgde skyene frå søraust sola ned i havet og om natta regna det. Vi blir aldri lei av å nyte utsikten og solnedgangen på Nesje. Brukbart ver tidleg på tysdag, så vi fekk gjere ferdig slåtten for denne gongen. Hadde også lass inn att på hengaren tysdag kveld. Mykje rusk og rask som har samla seg opp gjennom åra. Vi passer Mira denne veka, så ho var med oss. Mykje sauer som beiter og skit i området, så vi er glade for å ha innegjerda hyttetomt. Måtte ha eit auge med hunden som var ekstra interessert i sauene. I morgon, torsdag, ventar vi overnattings-gjestar. EM og JP kjem ein snartur over fjellet i samband med gravferd til ein slektning i Måløy.
I dag er Strikkemor 45 år. Feiring blir det vel ikkje før i helga - i kveld er det avslutningsfest for barneskulen og i morgon er det ungdomsskulen, begge i Operaen.
Utruleg å tenkje på at den dagen ho vart fødd var det 33 varmegrader. I dag har vi i underkant av 15 varmegrader!

onsdag 8. juni 2011

Hagearbeid

I dag har vi hatt ein strålande fin dag med god varme i lufta. Vi har lenge hatt lyst til å fjerne det gamle epletreet som var her då vi overtok eigedomen etter besteforeldra til Svein på slutten av sekstitalet. Det blomstrar så fint om våren, men epla er det lite stas med, meir til irritasjon. Det skal få endå ein sjanse, så i dag har Svein saga det mykje ned, så får vi sjå om det er liv laga. Dette er det siste av dei gamle trea i "bestemorhagen". Elles er det alltid eit kvart som skal gjerast ute når veret er bra. Berre synd at det er så få fine dagar og at alle må nytte høvet å klyppe plen slike dagar. Som pensjonistar kan vi nyte freden tidleg på dag, så vi skal ikkje klage, men hugsar at det ofte var trasig den tida ein var i jobb og ville kose seg ute på ettermiddagane og kveldane.

søndag 5. juni 2011

Søndags-tur

Foto tatt frå Os-brua mot elvaosen i vest. Stor vassføring og trangt i utløpet.

Hesteskokasting på grusbana bak Valhall.

To av dei mange bilda på skiltet ved Valhall:

I dag har det vore ein fin dag, sol, vindstille og brukbar temparatur. Tidlegare i veka har det vore mykje synnavind og regn. Det vart til at vi tok oss ein spasertur gjennom Malakoff, bortom elva og prata Ole Kr. Sjølefolket + Henning var på fotball-turnering i Hornindal. På grusbana bak Valhall var det turnering i hestesko-kasting. No er det komt eit nytt stort skilt ved gangvegen mellom Valhall og hotellet, med bilder frå gamle dagar og nokre litt nyare, mykje interessant. Det er bilder på begge sider av skilta med tekst på 3 språk. Eg tok foto av to av bilda denne gongen. Det er vel verd å ta turen bort dit og studere alle bilda. Eg har vel blogga det andre store skiltet som står nede ved scena tidlegare. Fint å parkere, spasere og ha picnic i området.

torsdag 2. juni 2011

Start på fiskesesongen

Kristi himmelfartsdag:
Svein er forkjøla og har halde seg inne i heile dag, kjøleg i veret og ingen hundar å passe. Det vart til at eg gjekk meg ein tur åleine opp til Stokkenes og såg til gravene og deretter ein runde forbi Elvebøen og Stadion. Det er stor vassføring i Eidselva for tida og fiskesesongen starta natt til 1. juni. Iflg. fjordabladet.no vart det tatt ein laks på 15,5 kg berre 5 min. inn i den nye sesongen. Bildet er tatt frå hestestallane v/Stadion mot fiskehytta på Skipenes Gard som satsar på turisme som attåtnæring. Dei to hestane i familien vart flytta til utebeite på Skipenes i dag, ein del arbeid for gjengen å setje opp gjerde og klargjere for sommarsesongen.