onsdag 15. juni 2011

Hyttetur

Måndag, 2. pinsdag, tok vi dei gamle tre-hagemøblane i hengaren og reiste ut på hytta: benk, to stolar og bord. Praktisk med tunge ute-møblar ved havet. Måndag var det fint ver og vakker solnedgang ca. kl 23.15. Men som det viser på bildet, følgde skyene frå søraust sola ned i havet og om natta regna det. Vi blir aldri lei av å nyte utsikten og solnedgangen på Nesje. Brukbart ver tidleg på tysdag, så vi fekk gjere ferdig slåtten for denne gongen. Hadde også lass inn att på hengaren tysdag kveld. Mykje rusk og rask som har samla seg opp gjennom åra. Vi passer Mira denne veka, så ho var med oss. Mykje sauer som beiter og skit i området, så vi er glade for å ha innegjerda hyttetomt. Måtte ha eit auge med hunden som var ekstra interessert i sauene. I morgon, torsdag, ventar vi overnattings-gjestar. EM og JP kjem ein snartur over fjellet i samband med gravferd til ein slektning i Måløy.
I dag er Strikkemor 45 år. Feiring blir det vel ikkje før i helga - i kveld er det avslutningsfest for barneskulen og i morgon er det ungdomsskulen, begge i Operaen.
Utruleg å tenkje på at den dagen ho vart fødd var det 33 varmegrader. I dag har vi i underkant av 15 varmegrader!

2 kommentarer:

Besta sa...

Nydelig bilde av solnedgangen. Håper vi kan få litt sommar no framover så vi kan kose oss ute.

Elin sa...

Utruleg solnedgang!
Då reiser eg til Dublin, oppladninga kunne vore betre, og det er med blanda kjensler no i desse tider. Håpar de får ei fin feiring av Hilde, det fortener ho!