Denne våren og sommaren har det vore mest komfortabelt å vere under tak, så hagestova har vore redninga vår. Plantane har lika seg best under tak, så det er første året eg ikkje har planta i verandakassene. Vi har for det meste halde oss heime, satsar på ein biltur over fjellet når fellesferien er over og skulane startar igjen.
Eg er nett ferdig å lese/lytte til "Slåttekar i himmelen" av Edvard Hoem, lese av forfattaren. Ei historisk roman der forfattaren har bygt historia kring sine eigne forfedre som emigrerte til Dakota.
Fekk litt tankar og påfyll om korleis dei 7 syskjena til oldefaren min, Rasmus R. Torvik, hadde det då dei utvandra til USA frå 1880-talet. 4 gutar og 3 jenter i ung alder, seks av dei stifta familie der borte i Minnesota-området.