Solnedgang kl 21.30 1. påskedag:
Fiskebåt på veg inn fjorden forbi Grotlesanden:
Fin tur til hytta siste to dagane i påska, vindstille og varmt 1. påskedag, så Kristine og eg gjekk på foto-safari til "Sjåberget". Ho har skikkeleg kamera og klikka i veg, men eg tok nokre bilder eg også med mitt vesle kamera og mobilen. Det var litt "havgang" med flotte bølgjer/brenningar som slo mot skjæra og berget. Det såg ut til å bli ein fin solnedgang, så vi gjekk tilbake til berget om kvelden og venta på at sola skulle gå i havet. Dei to dagane gjekk altfor fort med lesing og utekos.
Kristine spelar fotball for Eid IL og handball for Stårheim IL - litt artig det siste, i og med at både mor og farmor er ekte stårheimarar, men vi har busett oss på N.eid.