mandag 17. mars 2008

Påske

Før palmesøndag hadde vi nokre fine dagar, no laurdag sat eg på verandaen og strikka, varmt og fint vårver. I dag vakna eg til duren frå snøplogen og Svein måtte ut og frese i porten. Foto frå målarstova.
Eid Miljø (i gamle skofabrikken i sentrum) v/Reidunn Strand er vel verd eit besøk. Vi er jamgamle, men ho er frå sør-sida av Eidsfjorden og eg frå nord-sida, så vi møttes først på Framhaldsskulen og seinare Realskulen. Etter at eg vart pensjonist, har eg tatt opp att hobbyen med strikking. Var innom butikken til Reidunn ein dag og vart freista av eit rimeleg og sterkt sokkegarn, Fagstrikk, kr 20,- pr. nyste. Reknar med at eg har arbeid ei stund framover; har ikkje same farta som Strikkemor. Flettekorga er arv frå bestemor til Svein i Innvik.

søndag 2. mars 2008

Lesekos

I dag vart eg ferdig med bibliotek-boka "Hjem" av AKE, har lese dei tre siste bøkene hennar i løpet av siste halvåret, trur eg er ferdig med denne forfattaren - viss ho ikkje kjem med nye bøker då. Denne boka var artig å lese fordi eg kjende meg så godt igjen frå min eigen barn- og ungdom på gard i 50-åra. Mange minner som eg hadde gløymt, dukka fram igjen. Skal på biblioteket i morgon, trur eg må låne ei lydbok no, mannen kjøpte meg bærbar CD-spelar på Europris i går - billeg. Kjekt med batteri for då kan eg bruke den på hytta. Elles var eg på Mammut-salg fredag og kjøpte "Drageløperen" som blir neste lese-prosjekt.