torsdag 24. desember 2015

GOD JUL!



I år feira vi julekvelden hjå Hilde og Oddvar på Os i lag med besteforeldra på garden, Signe og Kåre, den "yngre garde" Ole Kristian, Hans Petter og Henning, hunden Max og katten til HP, Kornelius. Bjørnar var på Flatraket i lag med kjærasten, Rebekka, og familien hennar.  Det var ein triveleg kveld med god mat og mange julepakkar.  Ønskjer alle ei fortsatt god jul!

tirsdag 1. desember 2015

Julebord i Hornindal


Slik såg det ut på rasstaden fredag/laurdag iflg. Fjordabladet:


Laurdag kveld var det planlagt julebord for Eid Pensjonistlag og Seniornett på Raftevold Hotell. Etter mykje regn og vind hadde det gått jordras i Skredestranda, og det var lenge usikkert om vi kunne køyre den vegen eller om vi måtte køyre om Kviven.  Bussen skulle gå frå Nordfjordeid kl 18 og vegen vart opna igjen kl 17, så vi hadde marginane med oss.  Det var ein triveleg kveld med god mat og fin musikk.  Der var mykje gjestar, mange frå Sunnmørssida.

Søndag 22. november - "Jul - der ingen skulle tru at nokon kunne bu":


Eid Pensjonistlag og Eid Folkeakademi hadde besøk av Oddgeir Bruaset på Eid Kyrkjetun søndag 22. nov kl 16.  Det var eit vellukka arrangement med full sal og eit interessant kåseri av Bruaset.  Enkel servering med kaffi og heimelaga kveitebrød som kyrkjetun-ringen hadde ansvaret for.

søndag 22. november 2015

Første snøfallet 20. nov.



Tre dagar med snø, lyst og triveleg.  I tillegg har kommunen ordna med reparasjon av gatelyset ved huset vårt og krysset til Boaltmarka/postkassene.  Dette har vore ustabilt i fleire år og vi har klaga på det fleire gonger.  Kommunen har no lagt inn eit nytt valg for innbyggjarane i kommunen: https://eid.kommune.no/ny-innbyggjarmeldingsteneste-i-eid-kommune.17575.aspx.
Då problemet vart meldt til denne linken, ordna det seg.
Eg har vore "fråværande" på bloggen i fleire mnd., men det betyr ikkje at det ikkje har vore stor aktivitet i familien.
Svein har jobba mykje i garasjen med restaurering av veteranbilen, Standard 1939 mod., og har håp om å få den ferdig i løpet av neste år.  Svein køyrde i Nordfjordløpet 2015 for veterankøyretøy med Vauxhallen som er over 50 år no. Turen gjekk langs Panoramavegen. Kari B og eg var hjelparar i mål i Malakoff.  Avslutning med grilling og premieutdeling i Jektehola på Plassen/Malakoff.




Svein og Stein Inge køyrde også Vauxhallen til veterantreff på Halsør i Vågsøy, så denne sommaren har den gamle "travaren" fått prøvd seg på litt lengre turar.


Vi har ikkje vore på langtur i år, men hatt fleire fine dagsturar, bl. a. køyrde vi gamle Strynefjellsvegen i vakkert vêr.


Eg fekk med meg "Maskeballet" av Verdi  i Opera Nordfjord, litt for tungt for meg, ikkje kjend musikk, men vakker korsong med nordfjordingar i koret.  Flotte kostymer og kulisser som var utlånt frå Den norske Operaen.
Eidamessa var avvikla i september og Ingrid var heime og hjalp til i skobutikken.
Vi har hatt nokre turar til hytta, der det no er montert felås i vegen aust for Ånnevika, slik at vi slepp dei store slaktebeista, som har fått gått fritt i vegen ut til Nesje siste tre åra. Sauene er ein del av naturlandskapet der ute, og dei har vi hatt rundt oss dei 21 åra vi har hatt hytta.
Pensjonistlaget markerte Eldredagen 1. oktober.   Ein kjekk dag med vandring på den nye vegen langs Os-elva og omvisning/informasjon, kaffi og kaker i det nye LA-bygget på Langeland.
Svein feira ein roleg 74 årsdag den 25. okt.  Fleire av barnebarna er no vekke på utdanning, så vi er ikkje så mange som før når vi feirar bursdagar i familien.
Eg var på "The Sound of Music" i Operaen i okt., veldig bra med mange lokale aktørar.
Pensjonistlaget var med og arrangerte Bokkafê på Kringla/Frivilligsentralen den 13. nov., der alle dei lokale sogebøkene for 2015 m.m. for Nordfjord vart presenterte.
I dag har Pensjonistlaget og Folkeakademiet vore arrangør for Oddgeir Bruaset sitt kåseri "Jul - der ingen skulle tru at nokon kunne bu", full sal i Kyrkjetunet.
Til helga skal Pensjonistlaget og Seniornett på julebord på Raftevold Hotel i Hornindal.
Etter det roar det seg vel litt - men då må vi vel byrje å tenkje på juleførebuinga.  Vi gled oss til at alle dei elleve borneborna kan samlast igjen etter ein travel haust med eksamenar, jobb, m.m.

torsdag 30. juli 2015

Juli månad i regn og kulde



Denne våren og sommaren har det vore mest komfortabelt å vere under tak, så hagestova har vore redninga vår.  Plantane har lika seg best under tak, så det er første året eg ikkje har planta i verandakassene.  Vi har for det meste halde oss heime, satsar på ein biltur over fjellet når fellesferien er over og skulane startar igjen.


Eg er nett ferdig å lese/lytte til "Slåttekar i himmelen" av Edvard Hoem, lese av forfattaren.  Ei historisk roman der forfattaren har bygt historia kring sine eigne forfedre som emigrerte til Dakota.
Fekk litt tankar og påfyll om korleis dei 7 syskjena til oldefaren min, Rasmus R. Torvik, hadde det då dei utvandra til USA frå 1880-talet.  4 gutar og 3 jenter i ung alder, seks av dei stifta familie der borte i Minnesota-området.

torsdag 25. juni 2015

Juni


Elin har feira 60 årsdagen sin sist helg.  Her er ho som småjente i Torvika.  Blid jente.


I og med at ho var "attepåklatt",  8 - 10 - 12 år yngre enn syskjena sine, fekk ho etter kvart god trening i å passe nieser og nevøer.  Her er det Audny ho er på trilletur med på Torvik-tunet.


Sist søndag, etter feiringa av Elin, reiste Svein og eg på hytta ved havet.  Lenge sidan sist på grunn av dårleg og kaldt vêr, feiring av min 70 årsdag og Kristine sin konfirmasjon.  Det har også vore ein aktiv vår i Pensjonistlaget.  Ikkje alltid lett å få "fridagane" til å passe med dei få finevêrsdagane vi har hatt i vår.  Siste hending var at dei som skulle restaurere pipa i/på huset vårt endeleg kom.  Dei hadde ein storjobb i 2 dagar i forrige veke.


Utsikt frå "Sjåberget" til fyret og Olderveggen.  Sauene beiter mellom svaberga.


Handletur til Kalvåg og avstikkar til den vesle bygda, Liset,  som ligg i sørvest på øya.  Stort moderne hyttefelt  der ute mot sør.  Vêrhardt, men fantastisk utsikt frå hytter i millionklasse.


Vakker solnedgang, utsikt frå hytta den 21. juni kl 23.30.  Tatt med doroen.


tirsdag 16. juni 2015

Rehabilitering skorstein


Firmaet Sentronik A/S, som har tatt jobben med skorsteinen kom i dag.  To spreke karar har montert "syrefast keramisk rør" frå kjellar til tak i den snart 100 år gamle skorsteinen.  Dei skal bruke 2 dagar på heile jobben inkl. montering av 3 omnar, 2 sotluker, ny pipehatt m.m.  

Pensjonisttreff på Stårheim 15. juni




Eid Pensjonistlag heldt pensjonisttreff i forsamlingshuset Fram på Stårheim.  Vi vil prøve å skape litt interesse for laget ut i bygdene.  Det var eit informasjonsmøte om pensjonistlaget med litt  underhalding av visemakar Freddy, konf.  - www.visemakeriet.no -.  Vi serverte kaffi, rundstykker og sjokoladekake.  Ein triveleg og vellukka ettermiddag i lag med pensjonistane.      
"FRAM" er opprinneleg eit ungdomshus som har eksistert så lenge eg kan hugse.  Bygda har jobba med restaurering og påbygg av huset i fleire periodar.  No er det lagt ned ein stor dugnadsinnsats, og bygget har stor sal med scene, toilett m.v. i 1. etg. og kjøkken og to salar i 2. etg.  Det var bibliotekfilial i 2. etg.  i mange år i tilknytning til barneskulen, men biblioteket er no slått i lag med Eid bibliotek i Operahuset.

søndag 31. mai 2015

Innbyggjartreff i Eid i dag



Innbyggartreff 25


Linken til Fjordabladet, mange bilder frå arrangementet:
http://www.fjordabladet.no/innbyggartreffet-ein-suksess/

Eid kommune arrangerte innbyggjartreff i Operahuset i dag.  Eid Pensjonistlag, Eid Seniornett, Eid Seniordans, Eid Frivilligsentral hadde stand i lag med mange andre lag og organisjasjonar.
Ein triveleg ettermiddag i Operahuset.


På bildet er halve styret i Eid Pensjonistlag:  Formann Marit Botn Lefdal, sekretær Astrid Henden, nestformann Per Hagen og medlem Anna Haugland.










lørdag 9. mai 2015

Aktivitetsdag

Stor aktivitet på Nordfjordeid denne helga, tydeleg at våren endeleg er komen.

I dag hadde Eid Pensjonistlag sin årlege Aktivitetsdag i lag med andre org. og Eid kommune i samband med opning av den nye Klatreparken ved Fargarelva.  Stor aktivitet, mange barn, foreldre og pensjonistar var møtt fram.  Gratis servering av klatreparkbollar, kjeks, frukt m.m., saft til borna og kaffi til dei vaksne.  Eit nydeleg vêr var ei fin ramme rundt arrangementet.




Ved Gamlebanken var det veteranbiltreff for militærkøyrety og Svein stilte med to bilar.


fredag 8. mai 2015

April-Mai

Høgtideleg markering av 8. mai på Plassen ved statua "Sørgende mor" av Dyre Vaa.  Servering av kaker og kaffi i ei av stovene på Hærmuseet like ved.  
Stor markering av dagen i Måløy i dag.



6. mai feira Stein Inge sin 46-årsdag.  
Margunn hadde laga iskake, gjærbakst og sveler og vi hadde ei triveleg kaffistund på Golvsengane. Som pensjonistar er det rart å sjå at borna er komt "midt i livet" og at barnebarna blir vaksne.



23. april feira eg 70 årsdagen min heime i Alleen i lag med næraste familie.  Audny var kjøkkensjef", så eg fekk nyte dagen og prate med gjestane.
I og med at Audny feira sin 50 årsdag 31. mars i Syden i påska og Kristoffer hadde sin 27 årsdag den 14. april, vart det på lag ei fellesfeiring denne gongen.  Takk for ein fin dag!


søndag 3. mai 2015

Humanistisk konfirmasjon for Kristine laurdag 2. mai 2015


Konfirmant med foreldre og fadderar, Jostein, Elin (gudmor) og Pål Gunnar (fetter). Mormor, Astrid, var også fadder den 26. nov. i 2000, men ho gjekk bort 31.12.2010.


Gudmor og grand-moster, Elin, heldt ei flott tale med gode ord og dikt for konfirmanten under middagen.


Kristine hadde utfordra pappaen sin å stille i bunad han også, så han kom i "lånte fjær" av svoger Roger.

Fire gode syskjen: Øyvind og Stig kom frå jobb og studiar i Bergen og Magnus frå militære i Troms.  
                      
Det har vore strålande mai-vêr denne helga, ei fin ramme kring den Humanistiske konfirmasjonen for 14 konfirmantar i Nordfjord, laurdag 2. mai i Operahuset Nordfjord.  Etter sermonien i operahuset var det middag og kaffi på Nordfjord Hotel.  Takk for ein fin dag!


Gruppebilde tatt av fotograf Eide ved Operahuset Nordfjord av dei 14 Humanistiske konfirmantane frå Nordfjord 2. mai 2015.

tirsdag 31. mars 2015

Gratulerer eldste døtra vår, Audny Møyfrid Strøm Bergset, med 50- årsdagen!


To gode venner i 2015:


Barnedåp i Stårheim kyrkje og feiring i Torvika 31. mai 1965:


Audny feirar dagen på Fuerteventura i lag med mann, barn, kjærestar og eit tantebarn.  Vi har Viktor i pensjon og får litt ekstra trim når vi går kveldstur med han i Malakoff.  Det er kuldegrader om natta og skiftande ver dagane, så vi unner jubilanten sol og varme i påskeferien.

søndag 15. mars 2015

Søndagstur til Selje



Ytre Fure, heilt ut mot Stadhavet.ikkje veg dit, berre ei rås.  

Indre Fure.

Indre Fure.  

"Sildegapet".  Utsikt mot Mehuken vindmøllepark og Kråkenes fyr i sørvest.

Bygda Drage. Her var det Vikingane drog båtane over Dragseidet til Leikanger
ved  Vanylvsfjorden når det var dårleg vêr over Stadhavet.  
Det har vore skyss-veg over dette eidet før i tida.

Bautaen på "Kongshaugen". Her stod Olav Trygvason og tala til leiarane
for 4 fylke i år 997.  "Sildagapet" i sør.

Kong Harald var her på 1000-årsjubileet.

Steinkrossen som vart reist i 1913. Utsikt mot Vanylvsfjorden.

Arenaen for Dragseidspelet "På Sverdeggja".
http://www.dragseidspelet.no/2011/


Bilturen gjekk til Flatraket-Selje-Leikanger-Drage (Dragseidet)-Fure og heimover via Åheim og Maurstadeidet. Før vi kjøpte hytta ved Kalvåg, tok vi ofte ein biltur til Selje og Stadlandet i påska. Vi har vore på dei fleste stadane ute ved havet der, men aldri heilt til Fure. I dag hadde vi kjempever, sol og vindstille, såg mange soltilbedarar som hadde funne seg rasteplassar i fjøra ved vegen ut mot Fure.

søndag 8. mars 2015

Kvinnedagen 8. Mars

8. mars - toget på Nordfjordeid i dag (klipp frå Fj.bl.),




I går på Sandane, vart Eid-jenter 15 år Kretsmeisterar i innandørs fotball.  Pappa Stein Inge er stolt trenar og Kristine, nr 2 framme frå venstre, og laget hennar ser ut til å glede seg over resultatet dei også.

mandag 2. mars 2015

1. mars og søndagstur "på gjengrodde stier"




Mykje regn og vind siste dagane, ikkje mykje vi har sett til sola som vi har hatt i snart 2 veker.  Det var eit len midt på dagen og vi tok ein biltur til Stårheim og Stårheimsdalen.  Den garden som ligg lengst oppe i dalen på nordvest sida av elva, "Berget" eller "Nyberget", var barndomsheimen til oldemor Anne Botn, mor til farmor Anna Samuline Botn Torvik.  Oldemor var gift med Jørgen (Jørn) Botn, bonde, lærar og klokkar i Stårheim.  Farmor Anna var 11 år då mor hennar døde i 1893. Dei var 5 syskjen, ho einaste jenta som sikkert måtte ta mykje av ansvar for dei 3 yngre brødrene.  Året etter gifta faren seg opp att med syster til Anne, Helene Berge, og det kom fleire småsyskjen.

søndag 15. februar 2015

Valentine og Fastelaven

Utsikt til Gjegnen frå Torheimsvegen:


Utsikt frå skogsvegen i Os-fjellet:



Fin biltur i dag til Torheim i sol. Gjegnen var majestetisk! Vidare gjekk turen til skogsvegen i Os-fjellet i skuggeland.  Om eit par dagar ventar vi sola ned Os-gjølet. Godt at vi er ferdige med mørketida.  Denne veka er det vinterferie for skulane og vi skal passe Mira mens Kristine og familien er på tur.  Ser fram til mange fine lufteturar med bikkja.


Eid-jenter 15 år kvalifiserte seg til KM 7. febr.