Eid Pensjonistlag heldt pensjonisttreff i forsamlingshuset Fram på Stårheim. Vi vil prøve å skape litt interesse for laget ut i bygdene. Det var eit informasjonsmøte om pensjonistlaget med litt underhalding av visemakar Freddy, konf. - www.visemakeriet.no -. Vi serverte kaffi, rundstykker og sjokoladekake. Ein triveleg og vellukka ettermiddag i lag med pensjonistane.
"FRAM" er opprinneleg eit ungdomshus som har eksistert så lenge eg kan hugse. Bygda har jobba med restaurering og påbygg av huset i fleire periodar. No er det lagt ned ein stor dugnadsinnsats, og bygget har stor sal med scene, toilett m.v. i 1. etg. og kjøkken og to salar i 2. etg. Det var bibliotekfilial i 2. etg. i mange år i tilknytning til barneskulen, men biblioteket er no slått i lag med Eid bibliotek i Operahuset.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar