torsdag 18. desember 2008

Gratulerer HP med 18-års dagen i går!




I går kveld var det tradisjonell bursdagsfeiring på Os med besteforeldre, tanter/onklar og syskjenborn. Bildet er av ei ung gudmor, LilleMø, og dåpsbarnet. HP er blitt ein høg, sterk, kjekk ung mann med den gode replikken - lik både farfar og morfar. Godt for besteforeldra å få hjelp til tunge tak.

søndag 7. desember 2008

Bursdagsfeiring i Eidsgt.




I og med at vi feira stort i Torvika i går, vart selskapet til Roger utsett til i dag. LilleMø hadde svigerfar på søndagsmiddag og vi andre i familien kom til kaffi. Eg hadde steikt dia-lappar (vi er minst 3 som må vere forsiktige med sukkeret), Strikkemor hadde med sjokoladekake og LM hadde laga kvæfjordkake, brownes og dia-gele. Ei triveleg stund, kjekt så lenge syskjenborna kan vere i lag. Etter kvart vil dei nok reise vekk på skule og jobb, så ein får setje pris på denne tida. Hestejentene var i stallen både før og etter selskapet, men fekk tid til å gje papsen sin ein bursdagklem. Damene i selskapet vart fotografert i den nostalgiske kroken. Søster Mariann var i Stavanger og feira sonen sin 30-års dag.

lørdag 6. desember 2008

Gratulerer!

No laurdag feirar svigerinna mi 60-årsdagen sin i Torvika. Bror min har nett fylt 65 år. Vi gled oss til å feire dagen i lag med dei, borna, vennene deira og syskjena mine. Måleriet er ein kopi måla av Besten frå originalmåleriet til Anders Orheim frå 1920-talet.

I morgon feirar også svigersonen vår, Roger, 47 år. Han er gift med eldste døtra vår og dei har 3 store, kjekke born, ein golden retriver + 2 hestar.

tirsdag 2. desember 2008

Bakedag

Bakedag i går, kransekaker og Ingers rugbrød. Måndag er ein fin bakedag, har som oftast ikkje andre "avtaler" då. Hadde tinging på nokre kransekaker til jul, så det vart 72 ringar, dvs. 4 kaker. Tek gjerne imot tips frå kokkene på Sunnmøre på kva eg skal bruke dei 12 eggeplommene til som eg har frose ned. Har investert i nye former, burde vore gjort for lenge sidan, lettvint med slippbelegg. Dei gamle formene må vere frå 70-talet, hugsar ikkje kor tid eg byrja med kransekakebaking, men konfirmasjonane her starta i 1980. Kakene frys eg ned, då blir dei mjuke og gode å bite i. Før i tida la dei ein brødskalk i kakeboksen for å få dei mjuke. Må vel steike nokre krumkaker også, det er nesten tradisjon i vår familie, etter farmor si tid - ho stod føre julebaksten då ungane var små - SI er alt byrja å snakke "framonde". Kakemenn og slike ting får dei kose seg med å lage i kvar sine heimar, artig for dei minste. Besten er flink å fullføre UFOane sine. Målinga er fin trening for den skada armen, tykkjer han, i og med at han no er slutta med fysioterapi. Godt det går så bra med han, i fjor vinter vart målinga spolert på grunn av at han hadde skada seg.

mandag 1. desember 2008

Advent

I går kveld var eg med LilleMø til lysmesse i kyrkja. Stemningsfull og fin stund. Konfirmantane deltok aktivt i gudstenesta med prosesjon, levande lys og tekstlesing. Eldstejenta til LM og fetteren frå Myklebuståsen, deltok i tekstlesinga saman med fleire andre konfirmantar.
Laurdag ettermiddag hadde vi uventa besøk av Lappetausa med familie. Ho hadde med ferdig middag, svineribbe med tilbehør. Dei skulle til Måløy der eldstejenta er, men fekk trøbbel med bilen, så dei møttest her i staden. Koseleg. Begge jentene hennar er vekke på skule dette året, så det var artig å treffe dei igjen. Vi fekk også middag, uventa og godt, for eg hadde tenkt å lage laurdags-graut. Strikkemor og -far med dei to minste kom til kaffi, så det vart litt sying, strikking, latter og prating utover kvelden. Mange var innom oss på laurdag, fyrst LM og hennar firbeinte venn, Viktor, så ein veteran-venn av Besten om nyleg er hjarteoperert, så SI, M og K frå Golvsengane. Søndagen var ein heller roleg dag, berre ein liten trimtur med broddar.
I dag blir det kransekake-baking i stor stil på meg, har lova bort eit par kaker til jul. Mandagane er Besten på jobb, så det høver godt. God veke!