tirsdag 30. september 2008

Tur til Førde

Som de ser har eg endra bloggen min frå vår- til haust-fargar. Headingen er utsikt frå hytta vår. I går var eg til Førde på Mammografi. Besten hadde ikkje høve til å vere med, skal vere vikarlærar 2 dg. i veka på EVG, men eg hadde kjekt reisefølgje av Strikkemor og veslegut. Vi var innom Biltema, SparKjøp og handelshusa i sentrum. Utruleg mykje varer å sjå på. Kjøpte bl.a. ei salatslynge som eg har ønska meg ei stund. Vi kosa oss med biffsnadder på Napoleon, men angra litt då dama ved nabobordet kjøpte torsk m/tilbehør. Kan anbefale denne kafeen i 3dje etg. v/gangbrua. Vi tok ein svipp bort til Lappetausa på heimvegen. Ho venta oss med kaffi og vafler. Lappefar hadde lagt i omnen så vi hadde ei "uneleg" stund.
Bildet er frå Byrkjelo, like før Våtedalen. Snø på toppane - eit sikkert haustteikn.

tirsdag 23. september 2008

Englands-turen

Denne Citroin varebilen var Besten begeistra for.
New Forest tatt gjennom bussvinduet.

Slottet i Beaulieu. Besten sit bak "the litter".

The Round Table er hengt opp på veggen.

Skilt på husveggen i Winchester (ligg nær katedralen).

Litt av badestranda i området, fleire mil lang.

Vår gode ven, Frode (v) hadde laga presang til reiseleiar Martin (m) og sjåfør Sigurd (h).

Vi hadde ein kjekk tur og var heldige med veret, stille både på danske- og englandsbåten. Turen starta onsdag morgon den 10 sept. og vi var framme på hotellet i Bournemouth fredag kveld, så det var ei lang reise både fram og tilbake - høveleg for pensjonistar! Det var imponerande å køyre over Storebelt-brua i Danmark. Vi stoppa og hadde lunsj i Odense, ein koseleg by.

Både laurdag og søndag morgon var det tidleg opp for nydeleg engelsk frukost, turbussen gjekk kl 09 til Beaulieu-marknaden, ca 1 t. , køyrde gjennom New Forest. Dette området er verna, vart tømt for eikeskog til bygging av krigsskip for bl.a. lord Nelson. Vakkert terreng der hestar og kveg går fritt. Hestane blir også selde til Norge. Beaulieu-marknaden er ei historie for seg som går føre seg kvar haust i sept. Då stiller Lord Montagu ein del av markene sine til disp. for ca. 2.000 salgsbuder for deler m.m. og fleire hundre veteranbilar for sal. På området er det eit veteranbilmuseum som Lorden eig + kafé og butikk for sal av suvenirar m.v. Han og fam bur i eit gamalt slott m/stor kjøkkenhage for blomar og grønnsaker og like ved ligg landsbyen som høyrer til slottet. Der er også eit gamalt kloster/kyrkje. Deler av slottet + hagen, klosteret og byen er tilgjengeleg for publikum. Måndag var det busstur til Corfu Castle, ein gamal by m/borg - og til Winchester. Vi har vore på begge stadane før, likevel kjekt å oppleve på nytt.

Winchester er ein fin by med gamal historie, Great Hall & Round Table, The Cathedral der bl.a. Jane Austen er gravlagd, kloster og mange museum, kunne nok vore der nokre dagar.

Tysdag var fridag for sjåføren, då såg vi oss rundt i nærområdet/sentrum og badestranda der det ligg ein koseleg pub med god mat og drikke. Gangsti opp til West B. der hotella våre låg.

Onsdag morgon starta heimturen. I Danmark reiste vi gjennom Jylland til Ålborg og overnatta der. Fin hurtigbåt frå Hirtshals til Larvik og bussen til Drammen. Heimturen med eigen bil starta i sjutida om kvelden og vi var heime halv to om natta. Vi brukte min Mondeo til Drammen, og vår gode ven Per, køyrde begge vegane. Det var bra, for Besten har "hangla" litt med ei lei forkjøling.

lørdag 20. september 2008

Home again!



Etter 10 dagars Englandstur, kom vi heim att i natt med Lote-ferga kl 01.00. I og med at vi reiste med privatbil til Drammen, buss til Oslo, danskebåten til København, buss til Esbjerg, båt/ferge til Harwich t/r, buss til Bournemouth/Beaulieu-markedet, buss til Ålborg og Hirtzhals, båt/ferge til Larvik osv. + div. bussturar i England, vart det mykje meir enn ein Englandstur for oss. Her er foto av B+B hotellet vårt i Bournemouth der vi var i 5 netter. Vi har budd der ein gong før. Rommet (dei to vindauga i 2. etg. på bildet) var knøttlite med god dobbelseng, vask, dusjkabinett (toilett på gangen). God engelsk frukost kvar dag. Vi var på farten heile dagane/kveldane, så det hadde ikkje betydning at rommet var lite. Reisefølget på 42 med guide og sjåfør, var fordelt på 4 slike små hotell i nærområdet. Verten vår har ein skada fot (også sist vi var der), men han ordna opp med servering og vitsar/historier til frukostgjestane sine. Meir frå turen seinare.

søndag 7. september 2008

Fin haust-søndag


I dag har vi hatt veslejenta her, ho er litt småsjuk og foreldra tok seg ein litt lang fjelltur.
Først var vi i Korsen hjå Ivar Os og såg på stallen til hestane til dei to andre jentene vi er besteforeldre til. Dei møkka og stod i før dei tok seg ein ridetur til Vårsætra. Køyrestemne på Hestesenteret denne helga, så vi fekk sjå mange fine hestar. Etterpå henta vi kaninene til veslejenta ned til oss - vesleguten frå Os kom også - så i dag har vi hatt "full uttelling". No er det berre to dagar til vi skal på Englands-tur, så det var kjekt å vere i lag ei stund.

torsdag 4. september 2008

Litt av kvart


Hadde besøk av Lappetausa i går - og ho var så imponert over den fine orkidéen som vi fekk med Ørstabesta/besten sist dei var her, at eg fekk lyst å ta eit bilde. Planten står ikkje på golvet til vanleg, måtte ha ein ryddig bakgrunn. Ho var også betatt av 70-tals voksduken på kjøkkenbordet som eg nyleg fekk med Strikkemor då ho hadde funne ut at den ikkje passa i hennar kjøkken!

onsdag 3. september 2008

Gratulerer Kristine!

Bursdagsfeiring på Golvsengane
i ettermiddag med mange gjestar
og mykje god mat.
Veslejenta er blitt stor 3dje-klassing
og er 8 år i dag.
Humorfylt, aktiv, sporty jente som
held heile familien i ånde.
Med tre eldre brødre har ho tidleg
lært å "hevde sin rett".
Ho er glad i dyr, har fått seg to kaniner
i sommar, er også interessert i hest og
har vore ein del på Evas Ridesenter på
kurs i lag med venninner.
Kjekt å leike med kattungane til
Henning og børste hunden Viktor når
han er her på besøk.