tirsdag 23. september 2008

Englands-turen

Denne Citroin varebilen var Besten begeistra for.
New Forest tatt gjennom bussvinduet.

Slottet i Beaulieu. Besten sit bak "the litter".

The Round Table er hengt opp på veggen.

Skilt på husveggen i Winchester (ligg nær katedralen).

Litt av badestranda i området, fleire mil lang.

Vår gode ven, Frode (v) hadde laga presang til reiseleiar Martin (m) og sjåfør Sigurd (h).

Vi hadde ein kjekk tur og var heldige med veret, stille både på danske- og englandsbåten. Turen starta onsdag morgon den 10 sept. og vi var framme på hotellet i Bournemouth fredag kveld, så det var ei lang reise både fram og tilbake - høveleg for pensjonistar! Det var imponerande å køyre over Storebelt-brua i Danmark. Vi stoppa og hadde lunsj i Odense, ein koseleg by.

Både laurdag og søndag morgon var det tidleg opp for nydeleg engelsk frukost, turbussen gjekk kl 09 til Beaulieu-marknaden, ca 1 t. , køyrde gjennom New Forest. Dette området er verna, vart tømt for eikeskog til bygging av krigsskip for bl.a. lord Nelson. Vakkert terreng der hestar og kveg går fritt. Hestane blir også selde til Norge. Beaulieu-marknaden er ei historie for seg som går føre seg kvar haust i sept. Då stiller Lord Montagu ein del av markene sine til disp. for ca. 2.000 salgsbuder for deler m.m. og fleire hundre veteranbilar for sal. På området er det eit veteranbilmuseum som Lorden eig + kafé og butikk for sal av suvenirar m.v. Han og fam bur i eit gamalt slott m/stor kjøkkenhage for blomar og grønnsaker og like ved ligg landsbyen som høyrer til slottet. Der er også eit gamalt kloster/kyrkje. Deler av slottet + hagen, klosteret og byen er tilgjengeleg for publikum. Måndag var det busstur til Corfu Castle, ein gamal by m/borg - og til Winchester. Vi har vore på begge stadane før, likevel kjekt å oppleve på nytt.

Winchester er ein fin by med gamal historie, Great Hall & Round Table, The Cathedral der bl.a. Jane Austen er gravlagd, kloster og mange museum, kunne nok vore der nokre dagar.

Tysdag var fridag for sjåføren, då såg vi oss rundt i nærområdet/sentrum og badestranda der det ligg ein koseleg pub med god mat og drikke. Gangsti opp til West B. der hotella våre låg.

Onsdag morgon starta heimturen. I Danmark reiste vi gjennom Jylland til Ålborg og overnatta der. Fin hurtigbåt frå Hirtshals til Larvik og bussen til Drammen. Heimturen med eigen bil starta i sjutida om kvelden og vi var heime halv to om natta. Vi brukte min Mondeo til Drammen, og vår gode ven Per, køyrde begge vegane. Det var bra, for Besten har "hangla" litt med ei lei forkjøling.

3 kommentarer:

arieldog sa...

Kjekt å lese! Fekk verkeleg lyst til å reise same ruta - i alle fall reise til Winchester. Fint at de var heldige med veret, for det vart vel ein del uteaktivitetar.

Besta sa...

Kjempekjekt å lese om reisa dykkar. Eg har veldig lyst på ei bussreise i England. Ein ser så mange engelske pogram på TV at det er nesten som ein kjenner landet, men det er nok noko heilt anna å vere der.

Anonym sa...

De hadde godt å kome dykk vekk ein tur, så det var bra at turen vart vellykka, trass i at helsa til Besten ikkje var på topp! Det var no litt stusseleg her då alle besteforeldrene var vekke, men no er alle på plass igjen :-)
Strikkemor