søndag 31. august 2008

Mamma Mia

I går kveld var det ekstraframsyning av filmen Mamma Mia. Kristine hadde høyrt av ei jamaldra venninne at filmen var "kjempegod". Far/mor hadde ikkje høve å følgje henne, så då vart det til at eg let meg overtale. Besten hadde ikkje lyst på kino, ville heller mekke i garasjen. Det vart ei interessant oppleving, flott ABBA-musikk, flott filming, og til tider morosam, men etter mi meining noko hektisk med høgt lydnivå. Slik er det - ein merkar alderen. Føler heller ikkje at det var nokon barnefilm. Damer i panikkalderen som "slær ut håret" er vel ikkje akkurat noko underhaldning for småjenter? Då eg har sett skodespelarane i betre filmar/TV-seriar, vart eg litt skuffa. Filmen "flyt" nok på kjende skodespelarar og god ABBA-musikk. Men kanskje det er ein slik film som ein berre MÅ sjå? Det blir vel til at eg kjøper DVD-en når den kjem og ser filmen i lag med Besten!

søndag 24. august 2008

Frukthausting

Fekk lyst å skrive litt på bloggen, men har lite å skilte med for tida. Vi har mange frukttre i hagen, men vi driv ikkje med sprøyting og den slags, altså blir det økologisk. No er vi godt i gong med plomesesongen, det kan nok bli litt i meste laget! Det som imponerer (og bekymrer) meg mest er det store pæretreet. Etter at orkanen i 1991 halverte treet, fekk det likevel ein sjanse til, og vaks seg stort og fint. Tidlegare år har det bore lite frukt, men i år ser det ut til å bli både mange pærer av bra kvalitet. Så viss nokon likar pærer, er det berre å kome og plukke når det lid ut i september.

torsdag 21. august 2008

Gratulerer Helene!

Gratulerer Helene med 13-års dagen i dag. Stor og flink ten-åring med mange talent, for tida er det visst hest og matlaging som er i skuddet. Ungdomsskule-elev er du også blitt.
Det blir vel feiring i helga på tradisjonelt vis?

tirsdag 19. august 2008

Sunnfjordtur


I dag hadde eg time hjå augespesialist i Florø. Fin tur over Isane, Ålfotedalen og Svelgen. Kontrollen gjekk greitt og vi reiste vidare innover til Førde. Der var vi bl.a. på Biltema og på kafé. Fin tur langs Jølstravatnet, stoppa på rasteplassen Svidalsneset, stor fin plass med toilett og badestrand. Må trene meg litt med fotoapparatet, tok bilde mot Skei.
Lappetausa var opptatt i dag, så vi stoppa ikkje på Sandane.

mandag 18. august 2008

Nytt kamera

Besten har fått slik tru på meg som fotograf etter at eg nyleg fekk "antatt" eit bilde i Fjordabladet, så det vart kjøpt nytt kamera på laurdag. Sommartilbud på Canon digital IXUS 95015, heilt enkelt kamera med stor LCD-skjerm og søkjar, slik at det skal vere enkelt å ta bilde, sjølv for "svaksynte". Eg merkar at eg treng meir tid på å setje meg inn i nye ting, så det var greit å kjøpe kameraet før Englands-turen. Besten har eit ganske godt kamera, men det er for stort å drage på. Her er ein liten smakebit frå godstolen på verandaen.
Laurdag var vi også innom Gamlebanken og såg på jubileumsutstillinga til Øyvind Botn (80 år i morgon, syskjenbarn av far, bor i barndomsheimen til farmora mi). Vi snakka både med han og kona Elisabeth som også er kunstnar - spesielt skulpturar.

søndag 17. august 2008

Gratulerer Stig André med 18 årsdagen i går!

Stor dag i går - nydeleg haustver - Stig hadde bursdag - han og fam. hans kom heim frå ferieturen Kreta-Vigra. Med god hjelp av LilleMø og Helene var fire store pizza klar i Alleen
då dei kom heim litt før kl 21 i går kveld. Alle var samla, koseleg kveld.

torsdag 14. august 2008

På gjengrodde stier.....

Kyrkja i Heggjabygda

Flatene på Åsebøstø, huset var opprinneleg ei røykstove.

I dag var det høveleg ver for biltur - så etter kaffien på Eldretunet, tok vi med mor mi på køyretur. Ho likar godt å bile og når Besten er sjåfør er det topp! "Eg har tenkt so på Heggjabygda i dag..." sa ho - og dermed gjekk turen opp dit. Lenge sidan sist. Vi køyrde inn til kyrkja som ligg vakkert ved Hornindalsvatnet. På vegen oppover køyrde vi forbi Lindvika der tante Nanny i Remmedalen vaks opp, ingen igjen der, og garden er seld som tilleggsjord til nabobruket, men stova og låven står framleis. Eit stykkje oppe i Åsebøstøbakkane ligg Flatene.Oldemor mi, Ingeborg Knutsdotter Åsebøstø, vaks opp her. Oldefaren min, Ola Pederson Åsebø var frå sjølve Åsebøen, når ein kjem opp på høgda. Dei flytta til Remmedalen og kjøpte seg gard der. Sonen, Peder overtok garden i 1916 og han var far til mi mor. Sikkert mykje interessant historie der viss ein vil granske på det - kanskje ei oppgåve for Besten til vinteren?

onsdag 13. august 2008

Kaninene til Kristine

Denne veka er Kristine og familien hennar på Kreta. Fleire tanter/onklar og syskjenborn reiser i lag, så dei har det triveleg. Dei er heldige med veret, så det blir mykje bading.
Vi passar kaninene som er heime på Golvsengane. Det blir ein tur morgon og kveld for å late dei ut og inn av soveburet + foring.

lørdag 9. august 2008

Fjorden rundt






I dag tidleg kom Lappetausa med nattbussen frå Gardermoen/Spania. Etter frokost, køyrde vi henne inn att i Gloppen der gubben og minstejenta venta med ryddig og varmt hus.
Besten og eg hadde planlagt at vi skulle nytte høvet og ta turen rundt innfjorden, lenge sidan sist vi køyrde Utvikfjellet. Vi var innom kyrkjegarden i Innvik der Besten har mange slektningar gravlagde. Vi var også opp til den gamle ullvarefabrikken der onkel Mathias var vaktmeister i ein mannsalder. Farmor Amanda jobba der også då ho var ung. I Olden låg det eit stort og flott turistskip ved kai og mange turistar var ute og spaserte i sentrum. I Stryn tok vi turen opp i Kreklingen og besøkte syskjenbarnet til Besten. Der vart det både middag, dessert og kaffi og vi hadde ei triveleg stund. Dei har ein stor flott hage med mange stauder/plantar. Fint ver på heile turen - ein triveleg dag.

torsdag 7. august 2008

Gratulerer med dagen Ole Kristian!

I dag fyller "Os-bonden" og vårt nest eldste barnebarn 20 år. Bildet er 4 år gamalt, og viser ein omsorgsfull storebror. Vi er alle ein stor beundrar av han. Lukke til vidare OK!

onsdag 6. august 2008

Onsdagstur


I dag var det meininga at Veteranklubben skulle køyre Panoramavegen. Sjukdom m.m gjorde at denne turen vart avlyst, men eit par veteranbilar hadde lyst på tur, så då vart det Bjørkedalen i staden. Vi kjøpte oss kaffi og vafler på camping-plassen og hadde ei triveleg stund.

tirsdag 5. august 2008

The Tall Ships' Races 2008


Vi var ikkje til Måløy i helga og såg dei største skutene, men i går kveld og i dag kom fleire skuter inn fjorden til N.eid. Gubben og eg var ombord i skonnerten Capitan Miranda frå Uruguay i går kveld, og i dag var vi ut på fjorden i båten vår og "tok imot" briggen Stavros S Niarchos. Kommunen prøver å skape litt fest for mannskapet på skutene, bl.a. med grilling i jektehola både i går kveld og no i kveld.

fredag 1. august 2008

"Drømmedag på Os-sætra"

Planen var at eg skulle passe Henning og at Strikkemor skulle ta seg ein trimtur åleine, har visst nok mykje å ta igjen etter tre veker i USA. Så ville småen vere med og eg fekk tilbodet også. Vi brukte lang tid med prating, drikking, sjokolade m.m. Vakkert når vi endeleg kom opp, og då var det berre å hive seg ut i vatnet og kjøle seg ned - herleg! Vi hadde med niste og kaffi, og etter arbeid kom Strikkefar opp med ny forsyning. Turen nedover er noko nifs - etter mi oppfatning - men dei som er trena å gå der, reagerer ikkje på det, mykje folk brukar denne stien som trimløype. I går var ikkje trafikken så stor, så vi hadde det fredeleg. Småen var utruleg flink, gjekk åleine både opp og ned på i den bratte stien. Vel nede, gjekk turen for Besten og meg til fergekaia for å hente Lappetausa som skulle ta nattbussen til G-Oslo for vidare tur til Madrid! Strikkemor har tidlegare lagt inn mange fine bilder frå setra og vatnet på sin blogg, kjem vel med fleire frå denne turen.