mandag 28. november 2011
Greinkutter og lester
lørdag 26. november 2011
Snartur til Bergen
søndag 20. november 2011
Teater-oppleving
Undset
|
Pressa jubla, turneen var utseld, og Nationaltheatret blei fylt til randen. Ellen Horn si framstilling av Sigrid Undset blei ein suksess. Publikum fekk ikkje nok, dei ville sjå framsyninga på nytt. Etter eit utal oppmodingar har Ellen Horn difor sagt ja til ein ny turné. Du kan glede deg! Året er 1945. Undset kjem heim frå USA. Norge er i fredsrus, men Sigrid er sliten. Ho har opplevd dramatiske år som flyktning og mista to av borna sine. Tyskarane har rasert heimen hennar, og ho veit ikkje om ho skal pakke ut. UNDSET er ei scenisk og visuell framstilling av dei viktigaste hendingane i Sigrid Undset sitt liv med musikk av Ketil Bjørnstad. Framsyninga er til no sett av 40 000 publikummarar. ”Formidabelt” Dagbladet Med Ellen Horn. UNDSET hadde urpremiere i 2002. Av Otto Homlung og Tine Thomassen. Regi: Otto Homlung. Scenografi/ kostymedesign: Bård Thorbjørnsen. Musikk: Ketil Bjørnstad. Lysdesign Espen Solum. Produksjon av projeksjoner Knut Solhaug. Maskedesign Helge Bjørnå. XXXXXXXXXXXXXXXXXXXXX Kommentar frå Eidabesta: Riksteateret med Ellen Horn som Sigrid Undset i Operahuset i kveld, ei fantastisk forestilling. Eg var i koseleg selskap med Hilde og Signe. |
onsdag 16. november 2011
Nyinvestering
tirsdag 8. november 2011
Vakkert haustvér
lørdag 5. november 2011
Laurdags-tur til Innvik
Vi køyrde også langt opp i fjellsida på skogsvegen mot Lyslo-støylen. Før i tida var det ein tung og lang sætreveg opp dit. No er det berre eit kort stykkje å gå opp til støylen frå skogsvegen - men den turen får vi ta ein annan gong. Storslått utsikt ned til Innvik-bygda og over fjorden til Øvre (og nedre) Røberg der Mattis Isakson Røberg, oldefaren til Kjell og Svein, kom frå. Vi såg også ut til Heggdal-støylen der mor til Lise var budeie i gamle dagar.
Vegen opp til Geilemyrane er lagt om, og siste stykket er strak og bein. Dei gamle husa hos naboen, "Johansane", er borte, og det er bygt 2 nye hus nedom vegen (ikkje med på bildet). Det gamle bustadhuset til Johannes og Herborg stod omtrent der den raude garasjen til høgre på bildet er no. Hos Marianne og Arild fekk vi nydeleg hjortegryte, kake og kaffi, og det var kjekt å få treffe dei tre aktive døtrene deira, Lene, Heidi og Thea. Takk for ein kjekk dag!