mandag 28. november 2011

Greinkutter og lester



Besten, og til dels eg, har jobba litt ute tidleg på dag, men no regnar det trollkjerringar igjen. Tre av naboane våre har skifta tak på husa sine i haust. Det har nok vore ein tøff jobb med regn, litt kulde, sleipt og glatt, men det har heldigvis gått bra, og den siste ser ut til å bli ferdig i dag. Besten kosar seg med kompostkverna under tak i hagestova, som no er rydda til arbeidsstove for vinteren. I og med at vi har fleire frukttre og 2 hekkar i hagen, har vi i fleire år tenkt å kjøpe slik kvern. No var det eit godt tilbod på Biltema, kr 1.999,-, så vi sukka til. 1. advent i går, så vi må vel byrja å vente snø. I ledige stunder har eg bl.a. strikka på eit lestepar til ein vaksen kar som treng å halde seg varm på føttene. Kjekt og enkelt å strikke striper, slepp telling og målband.

2 kommentarer:

Besta sa...

Fine lestar. Eg har no ca 25 lestepar liggande som skal bli julegåver. Nokre par har eg gitt bort undervegs til kalde føter. Naboen vår har slik kompostkvern. Vi har har vår kvern lenge, den er det ikkje oppsamlar på, men den med "finare". Vi brukar å ha "masket " i komposten.Kjekt å ha!

solveig sa...

Vår kompostkvern har heller ikkje oppsamlar...