mandag 31. mai 2010

45-års jubileum dåpsdagen til Audny

I dag er det 45 år sidan Audny vart døypt i Stårheim kyrkje. Det var ein stor dag for stårheimarane, for kyrkja vart opna igjen denne dagen etter eitt års innvendig restaurering.
Då vi gifta oss i juni året før, var kyrkja i "gamal drakt". Meininga var at farmor Amanda skulle vere gudmor, men ho var så uheldig å bryte ein arm like før, så derfor vart mormor Astrid gudmor til første barnet vårt. Litt trist var det at ingen av Svein si familie var med i barnedåpen. Amanda var rekonvalesent på Raudeberg hjå Olaug. Ho hadde 2 små born å ta seg av, Solveig (knapt 2 år) og Rasmus (7 mnd). Dei hadde ikkje bil den gongen, så det var tungvint å reise. Då eg leita i eit gamalt album, fann eg dette bildet av 4 generasjonar på morssida. Artig å sjå kor stram oldemor Bella var, 75 år gamal. Oldefar levde også, han var 83 år og døde i febr. året etter, Bella levde til ho var 92. Momor Astrid var 45 år og eg var 20. Den tida var myndighetsalderen 21 år, så det var Svein som vart min "formyndar" i 2 år då vi gifta oss.
Bildet er tatt ute ved tuntreet i Torvika, der vi budde første året vi var gift. Vi flytta inn i andre etg. på Hildegard til besteforeldra til Svein på 20-årsdagen min, Audny var då 3 veker gamal. Det var stor stas å få eiga leilegheit med innlagt vatn og utslagsvask. Ja det var tider det!

søndag 23. mai 2010

1. Pinsedag

I dag fekk vi tlf. frå Kristine at hurtigruta "Fram" låg nede ved moloen. Vi tok derfor ein snartur ned på kai og tok bilder. Turistane som var med båten, vart frakta i småbåtar (RIB) inn til flytebryggja slik at dei kunne ta seg ein spasertur i sentrum.

Golvsengane byggjefelt:
Feltet mot sør-aust sett frå Kvh.v.

Feltet mot sør-vest sett frå Kvh.v.
Nyevegen vestover frå Fossevegen og Eldretunet. Til høgre kjem ny 8 avd. kom. barnehage.

Fin utsikt frå kaia bort til Strandpromenaden og opp til Golvsengane og Myklebuståsen. Huset til Stein ligg midt på bildet, raudt m/ark nedover. Tok oss ein snartur opp dit og tok bilder. Det er full aktivitet der no etter mange års ventetid for dei som har tegna seg på tomter.

lørdag 22. mai 2010

"Vaktmeisteren" på hytta

På hytta er det stille og fredeleg, og våren og sommaren er finaste tida der ute, før knotten kjem og gjer det utriveleg viss det er vindstille. Ein høyrer berre lyden av bølgeskvulp, fuglekvitter og motordur frå ein og annan fiskebåt på sjøen. Når det gjeld dyrelivet, er det eit par bønder som har sauene på beite i området. Vi ser også ørner og oter. Tidlegare år beundra vi hjortane som beita i marka, men truleg er desse dyra no tatt av jegarar. Granskogen har vakse mykje desse 15 åra vi har hatt hytta, så der er gode gøymeplassar for hjort og andre dyr. Siste par åra er vi blitt merksame på ein røyskatt som fer og smett. No når vi har drive og beisa hytta, har vi nok uroa han meir enn vanleg. Iflg. internett, der eg har henta dette bildet, er røyskatten eit nyttedyr å rekne fordi han held sæterhus, hytter og kjellarar fri for mus og smågnagarar. Pelsen, som om vinteren er kvit, heiter hermelin. I gamle dagar vart den mykje brukt til kapper etc. for rikfolk og kongar.

mandag 17. mai 2010

"Vårens vakraste eventyr"

Andre turen til hytta i år på Kr. hfd. 13. mai. Fin tur over Isane-Davik-Rugsund-Oldeide i vakkert vårver. Bildet er tatt i marka ovanfor hytta der vi har "bekken" vår. Vi må av og til opp å sjekke at inntaket i elva er i orden. Vi har beisa hytta desse dagane, fint arbeidsver. Sol i havet kvar kveld i halv elleve tida. Tung skodde i går morgon, heimreise ut på dagen. I dag blir det 17. mai feiring med familien. Alle dei vaksne gutane er heime, så vi blir fulltallige. Gratulerer med dagen til alle!

fredag 7. mai 2010

Bursdag og veteranbil vår-slepp 06. mai



Øverste bilde kjem eg ofte attende til, veteran det også. Besøk hjå syskjenborna i Ørsta tidleg på 70-talet. Han som var 41 år i går, sit til høgre på bildet. Midterste og nederste bilde er frå veteranbil-utstillinga ved den nyopna Bil Extra-butikken i N.eid i går. Jeepen til Besten blir liten samanlikna med cabincruserane til Lakken. Amerikaneren er eigd av ein annan medlem i veteranklubben. Den er til sals.

mandag 3. mai 2010

Ridestemne på Mo 1. mai 2010

Ingrid er ei bestemt dame og får det ofte som ho vil.
For fleire veker sidan spurde ho Besten om han ville køyre heste-hengar med Wendy ned til Mo jordbruksskule. Ho hadde lyst å vere med på ridestemne der nede for å få litt trening og erfaring. Ho har delteke på stemne i Breim ein gong før og fleire gonger her på N.eid. Besten sa sjølvsagt ja sjølv om dette var dagen før den store konfirmasjonen. Roger sa også ja til å vere hjelpesmann og i tillegg hadde ho med seg ei god venninne. Hestehengar fekk dei låne hjå Trond i Leivdalen, den var litt stor i og med det var ein dobbel-hengar. Dei reiste ikkje før i tolvtida for ho skulle ikkje i elden før seint på dag. Heim att var dei heldige og nådde den ferga som hadde med rutebuss, så det vart ikkje venting i tunnellen der det er kø-køyring om natta på grunn av sprengings-arbeid. Ho fekk ein respektabel sjetteplass, men tykte det var merkeleg at det berre var førdianarar som var føre henne og fleire herifrå var med på stemnet. Ja, fogderistriden har nok dessverre blussa opp igjen her i fylket på grunn av sjukehus-saka. Bildet er kopiert frå Facebook der ein kan lese meir om stemnet. Audhild, som går på Mo vgs, var også med på stemnet med lånt hest.

Konfirmasjon 2. mai 2010


Denne helga har vi feira trippel konfirmasjon på Nordfjordeid. Besten og eg er besteforeldre til alle tre, det var derfor "praktisk" å slå saman feiringa. Familiene til svigerborna våre - Roger, Oddvar og Margunn - bur også her i Eid, og dei fleste kjenner kvarandre frå før, så det gjekk veldig fint. Dagen starta med tidleg konfirmant-gudsteneste då det også skulle vere konf.gudst. i Heggjabygda kl 13. Det var høgtideleg i ei fullsett kyrkje og prest Kristin klarte seg godt i si første konfirmant-gudsteneste.
I og med at middagen først var kl 14, møttes vi i Næringshagen der Roger jobbar, like ved hotellet, til ein kaffekopp og power-point presentasjon av konfirmantane frå dei var små til no. Dette var eit vellukka og samlande innslag i feiringa.
Middag og kaffi var på Nordfjord Hotell. Konfirmantane ønska alle velkommen, og under middagen var det songar og taler til kvar konfirmant. For meg som bestemor, var det nok talen til farmor (og oldemor) Signe på 82 år som gjorde størst inntrykk. Ho snakka m.a. om den gode kontakta som har vore i stor-familien og kor fint det har vore med alle syskjenborna som har vakse opp i lag.
Veret var også fint, sjølv om det endå er litt kjøleg.

lørdag 1. mai 2010

Gratulerer med dagen!

Har søkt litt informasjon om 1. mai (Arbeidernes internasjonale kampdag) på Wikipedia, mykje interessant historie der. Frå slutten av 1800-talet og langt fram på 1900-talet var denne dagen for mange frå arbeiderklassa større enn 17. mai. Vanskeleg for oss å forstå i dag, då feiringa helst foregår i dei større byane. Fleire andre enn dei sosialistiske partia nyttar no dagen for taler og valkamp, bl.a. Frp. Dette bildet er kopiert frå W og viser feiringa i Sel i Gudbrandsdalen i 1910.