lørdag 30. oktober 2010

Bursdagsfeiring på Os

Bjørnar fylte 15 år på onsdag, men feiring med familien vart fredags kvelden. Triveleg som alltid. Det er vanskeleg å få tatt solo-bilde av Bjørnar, for han har ei eiga evne til å stikke seg vekk.. Dette bildet er frå jonsokafta i Os-vika i år. Etter mykje strev har eg fått installert Picasa3 på pcen min, er ikkje heilt fortruleg med bildebehandlinga i W7, er nok eg som er litt treig. Så no har eg endeleg fått beskjært eit bilde som B er åleine på. Tykkjer det er nokon han liknar på...

onsdag 27. oktober 2010

Gratulerer Bjørnar med 15-års dagen!

I dag har Bjørnar bursdag. Han er den siste av dei 3 konfirmant-barnebarna våre frå i vår som fyller 15 år. Feiring blir det vel først til helga, men han var innom oss i dag og fekk seg pannekaker og is då han kom frå skulen. Bjørnar har mange kameratar og er ein opptatt gut.

tirsdag 26. oktober 2010

Litt om bursdagen til Svein i går.

Vi hadde i grunnen tenkt å gjere det enkelt i år, men det er alltid kjekt å ha barn, svigerbarn og barnebarn på besøk, så vi inviterte til middagsbufé. Gjestane kom etter kvart som dei var ferdige på skule og jobb. Vi hadde hjortesteik, lammesteik og heimelaga kjøttkaker. Til kaffien hadde vi is, jordbær, epleterte, brownies, krem og vestlandslefse som Henning berre MÅ ha. Presangar vanka det også, bl.a.: Ostefjøl frå Kristine og bok frå Henning m/fam.

Gratulerer med 67-års dagen Rasmus!

Koseleg foto av Rasmus, mor og far i Remmedalen hjå mormor Bella og morfar Peder. Det var framleis krig i landet og sikkert ikkje enkelt for unge par med små born. Far var nett ferdig elektrikar frå Teknikken i Bergen (26 år gml i 1944). Krigen gjorde at det tok tid å få seg ei utdanning. Dei budde i Torvika hos farmor og farfar. Onkel Rasmus dreiv garden på den tida, og han hadde kone og 5 born, så det vart mykje folk i huset. Far (Kåre) bygde hus på "Stykket", som vi flytta inn i i 1947, då var Bodil og Anne Marie også komne til. I 1950 overtok far garden etter at onkel R m/fam emigrerte til USA. Vi flytta ned i Torvika og onkel Johan kjøpte huset på Stykket. Men det er ei anna historie.
Gratulerer også til Rasmus på Kongsberg, som Svein er onkel til.

lørdag 23. oktober 2010

Ut mot havet.

Vinterbilde av Nesje og Olderveggen i sol - utsikt frå hytta.

Utsikt austover mot Bremangerpollen

Hornelen i vinterskrud.

I og med at det kom snø så tidleg i år, og det raskt blir kortare dagar, tok vi turen til Nesje i dag for å stenge hytta for vinteren. Det var meldt fint ver, dårlegare framover. Vi tok sikte på 09.50 ferga frå Måløy og tok Jeepen, då vi var usikre på kor bra siste vegstubben ville vere. Vi hadde god tid på ferga, så vi tok ein liten runde i Måløy sentrum og såg oss om - og like ved bensinstasjonen merka Svein at vi hadde punktert på venstre framhjul. Kan ikkje hugse at vi har punktert før, reservedekket er 15 år gamalt og ubrukt. Vi skifta dekk - men tok ikkje sjansen på å fortsetje turen utan reservedekk - i tilfelle dei andre vinterdekka også var byrja å tape seg. Vi køyrde derfor heim att og henta reservedekk og rakk neste ferge frå Måløy 12.05. Tok ein rask tur til Kalvåg og handla litt, men fiskebutikken var stengd, så det vart ikkje vintertorsk denne gongen. Alt vel på hytta, så det gjekk raskt å ordne for vinteren.
Litt vemodig at det er slutt for i år, men vi får glede oss til våren og håpe på mange fine turar i 2011. Det passa best å ta ferga frå Isane på heimturen, men sjølvsagt litt smalare veg her og der. Godt å kome heim att og fyre i omnen.

onsdag 20. oktober 2010

Første snøen i hagen



Første snøfallet i fjøra i dag og særs glatte vegar, så no må vinterdekka på.
Astrid, mor til Margunn fyller 75 år i dag. Jubilanten er bortreist. Gratulerer med dagen!
Det er framleis blad og pærer på pæretreet i hagen. Mira kosa seg i snøen og hadde ikkje lyst inn.
Ser på bloggen til Besta at ho har fått hengt opp dei nye gardinene. Gratulerer!
Mine gardiner er nok av ein rimelegare sort og vindauga er mindre, men det vart lyst og triveleg i stova.

tirsdag 19. oktober 2010

Første snøen i fjellet.

I dag har regnet lagt seg som eit lett snølag på Trollenykjen, så vi vart inspirert til å leggje i omnen no i kveldinga. Det hender vi må passe to hundar på ein gong, Viktor og Mira, og det skjedde også i dag. Det blir ikkje mykje gjort slike dagar, men ein blir i grunnen i godt humør av å ta seg av dyr. Kvar for seg er hundane rolege, men i og med at Mira berre er 3 mnd og er veldig nysgjerrig på "fetter" Viktor, må vi for det meste halde dei adskilt. Bra er det at vi har kvar vår TV og PC, så då er det berre å kose seg. I dag har eg fått rydda og systematisert ein god del av alle bilda eg har på PC-en. Har scanna ein del gamle bilder som det også er kjekt å få lagt i mapper. I dag har Besten tatt influensavaksine.

tirsdag 12. oktober 2010

Haust


I dag har nevø Svein Kåre, som bur i Oslo, bursdag. Gratulerer med 37 års dagen! Mange i familien har bursdag i oktober, bl.a. Astrid Sundal 75 år og Peder Ådland 95 år.
Bildet av rosebuska med knuppar har eg tatt no i kveld. Ho har vakse heilt opp under rafta på garasjen og har det lunt.
Vi er byrja å lage til roterommet ute i gangen til closet room (garderobe). No har vi kle m.v. i fleire etg. og det er litt tungvint. Har overtatt nokre gode kleskåp frå 2. etg hos Audny som dei har måtta rydda ut i samband med ombygginga. Mykje arbeid å rydde etter all rivinga der nede, det blir fleire containerlass, godt det er fleire gutar i familien som har haustferie og likar å tene seg nokre kroner.
I dag har eg tatt influensavaksine, har gjort dette i mange år og har god erfaring med det.
Smykkeskrinet laga av skjell fekk eg av grandonkel Sigurd for over 50 år sidan. Han hadde ein kjenning som laga desse skrina og mange av jentene i fam. fekk kvar sitt. Fann dette no når eg rydda på roterommet. Tenkte på Ariel, som likar seg i fjøra med ungane. Å samle skjell og lage noko fint av dei, kan vere ein fin hobby.

mandag 11. oktober 2010

Haustferie med tradisjon!

I og med at det iflg. yr.no skulle vere fint ver måndag og tysdag i haustferien, har Besten og Øyvind jobba med å få vinter-veden i hus. Besten har fast avtale med ein tidlegare kollega frå verftet og pensjonist-hobby-bonde, om minst 2 mål ved for året. Vi har opparbeidd oss ein liten "buffer" for å vere sikre på at vi ikkje går lens, noko som tyder på at vi verkeleg er pensjonistar! Kristine jobba også ei stund, men så fekk ho kusine-besøk og måtte ta seg av Mira som snart er 3 mnd. Som vist på bildet står veden no tørt og godt under tak.

søndag 10. oktober 2010

Fotball-Opera 2010

Søndagsmatiné på Besten og meg i dag. Ein opera utanom det "vanlege". Bra dekning med bilder i Fjordenes Tidende si nettavis - fjt.no -, for spesielt interesserte. Amatørane gjorde ein fin innsats, artig å sjå lokale kjendisar i aktivitet.