onsdag 20. oktober 2010

Første snøen i hagen



Første snøfallet i fjøra i dag og særs glatte vegar, så no må vinterdekka på.
Astrid, mor til Margunn fyller 75 år i dag. Jubilanten er bortreist. Gratulerer med dagen!
Det er framleis blad og pærer på pæretreet i hagen. Mira kosa seg i snøen og hadde ikkje lyst inn.
Ser på bloggen til Besta at ho har fått hengt opp dei nye gardinene. Gratulerer!
Mine gardiner er nok av ein rimelegare sort og vindauga er mindre, men det vart lyst og triveleg i stova.

6 kommentarer:

Elin sa...

Mira er berre heilt skjønn! Blir dei ikkje meir tremenningar? Hehe..

Besta sa...

Fint med lyse gardiner.Ser fint ut! Du er heldig som treng berre to lengder.Det blei over 4000 kr for våre, ferdig sydde, så det er ei bra investering. Men eg trur vi blir fornøgde, og dei gamle var 10 år gamle. Koselig med Mira i snøen. Hugsar Nadja, ho elska å vere ute i snøen.

Hildegard sa...

3 vindu i stova, så det vart 6 lengder a 160 cm. 30 % rabatt på Princess, fabrikksydde, kr 1.300,- inkl. 3 nye stenger. Har bytta ut dei trekvite stengene. Dei gamle gardinene var ca 10 år gamle og dyre for den tid. Siv Englund sydde dei. Kan nok brukast på vindu der ein treng tette gardiner.

Hildegard sa...

Kristine seier at Mira er systa hennar - ho vil ikkje vere mor!

Besta sa...

Eg trudde at det var berre eine stova som hadde fått nye fardiner.(Ser på stova dykkar som to rom sidan det var det i gamle dagar) Til saman har de fleire vindu enn vi, sjølvsagt. Eg har leita etter gardiner lenge, for det blir litt voldsomt med 6 lengder så tett i hop, litt annleis når ein får spreidd dei litt. Held med Kristine i at ho er for ung til å vere mor-og systrer har ho no ikkje frå før.....

Besta sa...

Meir om gardiner. Våre er over 2 meter lange, og så gjekk det bort ca 30 cm på kvar lengde på grunn av mønsteret.Fekk alle 6 restane med meg heim, men veit ikkje om dei er brukande til noko. Trur eg må spørje Lappetausa.....