lørdag 22. november 2008

Vinter

I dag vakna vi av snøplogen som fylte innkøyrsla vår med hardpakka snø. I og med at vi og dei fleste eigedomane har gjerde mot vegen, og vi har ei ganske breid innkøyrsle, er vi plaga med dette. Vi måtte til med handemakt for å få vekk snøen, snøfresaren klarte ikkje denne utfordringa, der snøen ligg laus, funka fresaren fint, men dette vart for tøft. Kjekt med snøfresar, men ein bør køyre den etter kvart som snøen kjem, og det kan no bli nokre turar for dag viss det snør jamnt. Av ymse grunnar vart ikkje dette gjort denne gongen og det straffa seg. Fint å vere ute i dag, fekk trimme for fleire dagar. I mørkninga var eg ute i hagen med vesleguten og veslejenta og laga snøhole. No har vi veslejenta på overnatting og det har roa seg i leiren. TV-kvelden startar med "Kvitt eller dobbelt" og "Hjarte på rette staden". God helg!

mandag 17. november 2008

Nyinvestering



I dag monterte Ole Ivar Brekke i Brekke Energi og Kraft varmepumpe i "spisestova" vår. Han er kjend for å vere flink, har aner frå Heggjabygda! Det skal bli godt å få litt stabil varme i huset og heller spe på med vedfyring når det trengs. I og med at det er oppvarming vi treng varmepumpa til, anbefalte han oss å montere den lavt, ho vart derfor plassert under vinduet. Vi kan regulere varmen til TV-stova og kjøkkenet ved å ha åpne eller stengde glassdører.

fredag 7. november 2008

Hyttetur

I dag hadde vi oss ein fin tur ut til havet, hadde sjekka véret på yr.no. Tok ferga over til Isane i ti-tida. Det vart berre finare og mildare til lenger utover vi kom, vakker sol og roleg hav. Alt stod bra til med hytta trass i sterk storm, regn og kulde i okt. Vi snakka litt med Bjarne som fortalde at det hadde vore eit fæla vér. Var ein tur i Kalvågen og kjøpte frossen lettsalta torsk i 5 kg kartongar til frysaren, billegare enn i fiskedisken på Mega og god kvalitet.
Hadde oss eit herremåltid då vi kom heim att. Bildet viser frostskodda i Isefjorden med Gjegnen i bakgrunnen, teke med mobilkamera gjennom bilvindauget då vi kom innom Kjølsdalen. Uff og uff! Eg gløymde sjølvsagt kameraet denne gongen også - får skulde på alderen.

tirsdag 4. november 2008

November

I dag er det fint haustver etter mykje regn, vind og kulde i fleire veker. I forrige veke rydda vi litt i hagen og dekka til rosene. Fire roseknoppar såg ut til å ha overlevd kulden, så eg tok dei inn. Er spent på om dei vil folde seg meir ut enn vist på bildet. Besten tok seg ein tur på sjøen i dag og eg puslar litt i huset. Eg skal ha to "nattevakter" hjå veslejenta - far har tre nattevakter på rad og mor har innspurten (siste veka) i Førde. Start på garasjebygginga hjå sonen i går, ikkje lenge gjort å få støypt grunnmuren for fagfolk. Dagane fyk av garde, sjølv for pensjonistar, men aktiviteten er heller ikkje så stor som hjå den yngre generasjonen. Ynskjer alle ei god veke.