onsdag 25. juni 2014

Juni



Luftetur med Mira i kveldinga i går på den nye "Elvavegen" (elvaforebygging) ved Malakof.
Bilda viser fiskehytte/naust ved elva på Øvre Os, og ein kjend villa ved Os-brua. Ein kan også gå på andre sida av elva frå Skipenes bru til Os-brua.


Bålkubben er Oddvar sitt prosjekt jonsokafta i Osvika.


Høgt og luftig for Besten i dag.

fredag 13. juni 2014

Pinsehelga 8. juni i år





Vi reiste på hytta søndagen i fint ver, litt grått på kvelden og regn om natta, men fint på måndagen og tysdag. Vi sette opp batteri-el-gjerde rundt bilen for å unngå at sauer og kveg skal skrape han opp, veldig effektivt. Måndag fekk vi besøk av Kristine og ei veninne + Mira, mor og far.  Dei hadde først vore ut til Tongane kystfort på Rugsundøy og sett på krigsminna ved innløpet til Nordfjorden og Måløy hamn -   http://www.olavsrosa.no/objektinfo.aspx?id=2787239. Bilder er delvis kamera/mobil.  Eg blir aldri lei av å nyte utsikten ut i havet frå hytta vår og fyret, og gå tur i området der ute, rekreasjon for kropp og sjel.

tirsdag 3. juni 2014

Jubileumshelg

Denne helga har vi feira to jubilêum.
Lidvard Bergset fyller 80 år den 9. juni, og feira litt på forskot på laurdag. Mange av syskjena til Kåra og Lidvard kom til feiringa, i tillegg til barn/svigerbarn, barnebarn og oldebarn og venner av jubilanten.  Middag på hotellet og samling etterpå hjå Mariann og Jens i det nye huset deira over klebutikken i Eidsgata.

På bildet er frå venstre:  Lidvard med borna, Linn Kathrin, Inger Margrethe, Roger og Mariann.


Søndag 01. juni feira Stårheim kyrkje 150 år.  Flott gudsteneste med mange tidlegare prestar som har tenestegjort i soknet.  Mykje fin song og musikk og ei god preike av prosten vår.  Etterpå var det festsamvær i lagshuset "Fram" på Stårheim.  Då det var ledige plassar, vart det til at Rannveig og eg vart med på dette også, middag og kaffi.  
Marta Jenny fekk blomar og gode ord for arbeidet ho hadde gjort med den flotte jubileumsboka "Stårheim kyrkje 1864-2014".  For meg var det å få vere med på feiringa veldig kjekt. Tippoldefaren min, Rasmus R (5) Torvik f. 1835, var med i byggjenemnda for kyrkja, iflg. "Turrviksoga" til far.  Det var også gledeleg at Olgunn Haugen, oldebarnet til Rasmus 5, og mannen hennar, kom til gudstenesta.  Ho er ivrig slektsforskar, og vi har hatt kontakt eit par år og delt på informasjon og bilder om våre felles forfedre.  7 av 10 av syskjena til hennar bestefar emigrerte til USA (Minnesota), og til hausten skal ho på sin andre tur for å finne ut meir om slekta vår der borte. Elles er det også artig å nemne at i år er det 50 år sidan Svein og eg gifta oss i Stårheim kyrkje,   27. juni 1964.  Då var kyrkja 100 år gammal og skulle restaurerast innvendig, noko forsinka.  
100 årsfeiringa vart derfor utsett til 30. mai 1965 og Audny vart døypt i kyrkja på jubileumsdagen.  



Eit noko sol- og vind-fullt bilde utanfor kyrkja søndag 1.06.2014:  Frå venstre:  Marta, Anne Marie, Olgunn, Bodil, Elin, Rannveig.