tirsdag 3. juni 2014

Jubileumshelg

Denne helga har vi feira to jubilêum.
Lidvard Bergset fyller 80 år den 9. juni, og feira litt på forskot på laurdag. Mange av syskjena til Kåra og Lidvard kom til feiringa, i tillegg til barn/svigerbarn, barnebarn og oldebarn og venner av jubilanten.  Middag på hotellet og samling etterpå hjå Mariann og Jens i det nye huset deira over klebutikken i Eidsgata.

På bildet er frå venstre:  Lidvard med borna, Linn Kathrin, Inger Margrethe, Roger og Mariann.


Søndag 01. juni feira Stårheim kyrkje 150 år.  Flott gudsteneste med mange tidlegare prestar som har tenestegjort i soknet.  Mykje fin song og musikk og ei god preike av prosten vår.  Etterpå var det festsamvær i lagshuset "Fram" på Stårheim.  Då det var ledige plassar, vart det til at Rannveig og eg vart med på dette også, middag og kaffi.  
Marta Jenny fekk blomar og gode ord for arbeidet ho hadde gjort med den flotte jubileumsboka "Stårheim kyrkje 1864-2014".  For meg var det å få vere med på feiringa veldig kjekt. Tippoldefaren min, Rasmus R (5) Torvik f. 1835, var med i byggjenemnda for kyrkja, iflg. "Turrviksoga" til far.  Det var også gledeleg at Olgunn Haugen, oldebarnet til Rasmus 5, og mannen hennar, kom til gudstenesta.  Ho er ivrig slektsforskar, og vi har hatt kontakt eit par år og delt på informasjon og bilder om våre felles forfedre.  7 av 10 av syskjena til hennar bestefar emigrerte til USA (Minnesota), og til hausten skal ho på sin andre tur for å finne ut meir om slekta vår der borte. Elles er det også artig å nemne at i år er det 50 år sidan Svein og eg gifta oss i Stårheim kyrkje,   27. juni 1964.  Då var kyrkja 100 år gammal og skulle restaurerast innvendig, noko forsinka.  
100 årsfeiringa vart derfor utsett til 30. mai 1965 og Audny vart døypt i kyrkja på jubileumsdagen.  



Eit noko sol- og vind-fullt bilde utanfor kyrkja søndag 1.06.2014:  Frå venstre:  Marta, Anne Marie, Olgunn, Bodil, Elin, Rannveig.

2 kommentarer:

Besta sa...

Kjekt å lese om jubilea de har vore med på. Tenk at de har gullbryllaup i år! Det hadde eg nesten gløymt. Og neste år begynner 50-årsdagane i familien dykker. Solveig starta stafetten i fjor, i år er det Rasmus-men det er to år mellom Hilde og Margrete. Det er berre uhyggelig kor fort tida går.

Hildegard sa...

Ja, de er komne godt i gang med jubilea. Vi har vel berre passert første "hinderet" med Svein sin 70-årsdag, så får vi ta det som kjem vidare som bonus. God pinsehelg!
Eidabesta