lørdag 28. desember 2013

Desember 2013


Bildet er tatt med mobilkameraet mitt på Torgalmenningen i Bergen ein regnvåt desemberdag i år. Eg hadde eit ærend til Bergen og Svein var sjåfør.  Fin tur nedover, men utriveleg vêr heim att.  Vi budde sentralt på Bristol og fekk god frukost i Egon-restaurenten som ligg vegg i vegg med hotellet. Det kjekke med turen var at vi fekk treffe dei tre barnebarn-studentane våre + kjærestar.  Vi var på "Matbørsen" i Frescohallen (tidl DNB) og hadde "julebord" i lag med dei.  Det var også kjekt å sjå kor fint det var pynta i sentrum.
Hausten og førjulsvinteren har gått fort.  Vi fekk fjerna granhekken mot naboen i samband med at han skulle byggje seg garasje.  Det var ein lettelse, har vore eit trasig arbeid å halde den strigla og fin.  No fekk både vi og naboen betre plass å parkere bilar m.m.
Den 13. des. var vi invitert på hotellet på juletallerken med Signe og Kåre. Dette er blitt tradisjon og vi kosar oss i lag og har mykje å prate om i og med at vi har fire felles barnebarn.
Julekvelden var vi i år hjå Audny og familien i Eidsgt.  Første juledag var heile gjengen (17) her i Alleen på middag.  Andre juledag var vi på Golvsengane hjå Stein Inge og familien på lutefiskmiddag. I kveld skal vi til Hilde og familien på Os på kalkunmiddag, og i morgon blir det Minestroneparty i Eidsgt.  Nyttårsafta på kvelden, har det vore tradisjon å feire på Golvsengane, kombinert med Magnus sin bursdag 1. januar.  Fint å sjå rakettane frå nordsida av dalen/fjorden.
Vi er heldige som har alle så nær, kjekt å feire julehøgtida i lag med familien.
Eg har vore lite aktiv på bloggen siste året og det blir nok berre sporadisk også i 2014.
Godt nytt år!


søndag 13. oktober 2013

"Den siste rose" i oktober.



Eg klarte å "redde" nokre rose-knuppar ved garasjeveggen før siste frostnatt.  I går kveld fyrde vi i kjøkkenomnen for første gong i haust. No har vi sol frå kl 12 til 17 ca, ikkje lenge til ho forlet oss for godt dette året. Vi har hatt nokre fine dagar no i helga. Det er litt vemodig at det er slutt på ein sommar som vel ikkje har vore av dei beste. Likevel tykkjer vi det er fint å feriere i "eige land" om sommaren og har hatt fleire kjekke turar i år.  Då vi var i jobb og var avhengige av fellesferien på verftet, der Svein jobba, hadde vi mange utanlandsturar med bil i ferien. Mange gode minner frå bilturane med borna i Sverige, Danmark og nedover i Europa, men den gongen var vi unge og spreke...Ein blir rolegare med åra, og når vi bur i eit så bra land som Norge, får ein gjere det beste ut av det. Vinterveden er i hus, mange gode tilbod på TV og vi har litt av kvart å sysle med innadørs, så det går nok bra denne vinteren også.

lørdag 12. oktober 2013

Haust-tur "Over Brekka".


I dag kom Stein Inge og henta Mira som vi har hatt i pensjon i ni dagar mens dei har vore i Tyrkia på haustferie.  Nydelelg haustvêr, så vi tok ein tur "over Brekka" frå Hjelmelandsdalen og ned til Bjørkedalen. Nytta høvet og tok ein del bilder som kan vere motiv for Svein når han skal måle bilder til vinteren. Dette fjellet er vel kjent for dei fleste. Elles er det operatider på Nordfjordeid, operetta "Flaggermusen" i år + balletten "Nøtteknekkeren", siste helga no. I tillegg er det Valkyriemesse i Valhall og opera-kunst-utstilling i Gamlebanken.

mandag 30. september 2013

September


Dette bildet er tatt frå Os-brua sist veke med Doro-kameraet på mobilen. No er sola på hell på Os og snart her i Alleen. Vi må berre belage oss på 4 mnd. utan sol og satse på mykje innekos.  Veden er i hus, fekk ny leverandør i år, ein tidlegare kollega av Svein som har småbruk m/vedaskog og jobbar med ved som pensjonist.
I byrjinga av mnd. fekk vi vere med å feire diamantbryllaupet til Signe og Kåre, svigerforeldra til Hilde. Det var storfeiring på Fjordly på Bryggja i vakkert vêr.
Denne mnd. har det også vore Stortingsval som enda med "Ikkje-sosialistisk-fleirtall". I dag har dei meldt frå om at det blir "To-parti-regjering" mellom Høgre og Frp, med støtte frå Venstre og Krf. Det går nok mot spanande tider i Stortinget dei neste åra. Tilbakemeldingane frå utlandet er at dei ikkje skjønar at vi vrakar Jens, som har styrt landet så bra i krisetider. Tida får vise...
Vi gleder oss over at Elin har fått gode tilbakemeldingar på prøvene etter ein tøff vinter,vår og sommar med kreftdiagnose, operasjon, cellegiftbehandling m.v. 
No går vi inn i siste kvartal av dette året. Tykkjer at dette året har gått så altfor fort, snart er det jul...

tirsdag 27. august 2013

Nye tider


I går fekk vi fjerna granhekken mot naboen i aust. Mykje arbeid med ein slik hekk og han var byrja å vekse oss "over haudet". Det var populært å plante denne typen hekk av Siktagran for 40  år sidan. Det vart litt rart, og vi føler oss litt ribba no, men må berre venje oss til at det er nye tider. Det blir nok problem for skjorene til våren. Dei lyt finne seg ein ny hekk for reira sine. Granhekken blir vel erstatta med eit lavare plankegjerde med tid og stunder.
Vår gode nabo i aust skal byggje garasje/vedbod ned mot carporten vår, langs med grensa til innkøyrsla. Han treng ein stad å stå under tak og jobbe, for han har ved som hobby no etter at han vart pensjonist. Kjekt at karane har noko å styre med. Svein har ein veteranbil m.m. som han jobbar med i garasjen sin.

tirsdag 20. august 2013

Kongsberg-tur over fjellheimen.

Bitihorn


                                Utsikt nedover mot Beitostølen


Sist veke gjekk turen til Kongsberg for å besøkje Ingrid, barnebarnet vårt. Vi køyrde over Sogn-Hemsedal-Gol-Geilo-Kongsberg, så det vart litt lengre enn Gol-Hokksund-Drammen - som vi ofte har køyrt. Det var ein fin tur i vakkert høgfjell i nordlege del av Hardangervidda. Har dessverre ikkje bilder frå nedoverturen.
Heimover køyrde vi Valdresflygja i strålande ver. Der var dei i gang å leggje ny asfalt. I sommar har vi tatt tre turar i Sør-Norge og det har vore mykje vegarbeid, så det er nok feil å seie at det ikkje blir investert i /på vegar her i landet. Problemet er vel helst at det tek lang tid med planlegging, ekspropriasjon m.v., så dei må halde trykket oppe heile tida. Turen  til Sørumsand for å besøkje fetter og kusine m.fl. av Svein, tok vi i midten av juli. Då køyrde vi Gudbrandsdalen nedover og Kongssvinger-Elverum-Hamar heimover,         Siste to somrane har vi halde oss heime, berre turar til hytta ved havet, så vi har tatt igjen mykje i år.

søndag 11. august 2013

Bergens-tur i fint vêr.

Utsikt til Bryggen frå den "nye" Fiskehallen

 
Mange turistar på Bryggen

Denne veka var vi ein liten tur til Bergen, køyrde Øyvind som var ferdig med ferien sin.
Vi overnatta i leilegheita til Stein og Margunn i Vikensgate, Danmarksplass,
der Stig, Renate og Øyvind bur. Ein triveleg plass, sentralt til Haukeland og bykjernen,
like ved Bybanen.  Vi "gjorde" sentrum med m.a. Byparken, Fisketorget og Bryggen eine dagen i strålande sol. Også fint å gå i den nye Næringsparken i Solheimsviken der BMV bygde båtar i 130 år. Full renovering i dette området som ligg like nedanfor Vikensgate.


tirsdag 30. juli 2013


Dei gamle "villrosene" i garasjeveggen kom igjen i år også.
 

Viktor og Mira er gode venner og trivast i hagen. Fint vêr og passeleg temperatur første del av dagen i dag, seinare vart det skybrudd og då var det godt å kunne kome i hus. 


onsdag 26. juni 2013

Skuleferie og jonsokfeiring

Jonsokfeiring på Stadion - grilling ved klubbhuset

Etterpå i Osvika, som er ein tradisjon.

Kristine og 13-årslaget som vann Selje-cup 2013

Siste kampen til Kristine før ferien på Plassen
.                              Siste kampen til Kristine før ferien på Plassen.
                               Frå pausa, dommar Suresjh er ein gamal kollega av Besten.

     Henning har tatt gult belte i Taekwondo. Frå avslutninga i Idrettshallen.

                                Siste fotball-turneringa for Henning før ferien, på Stadion.

fredag 24. mai 2013

Fredags-tur til Torheim Gartneri





Litt kjøleg i dag, men opphaldsvêr, så vi tok turen til Torheim for å kjøpe litt plantar som var annonsert på tilbod. Mange tek turen ut der laurdag/søndag no på våren, har med seg niste og nyt utsikten og dei vakre plantane. Vi rekna med det var mindre med folk i dag og kortare ventetid. Det er alltid hyggjeleg å gjere ein handel med Jarle og Aud. http://www.torheimgartneri.no/.

onsdag 22. mai 2013

Pinsehelg på hytta

 Vegkrysset frå Ålfotdalen til Leirgulen-Rugsund-Oldeide-Kalvåg

 Hornelen frå ein ny vinkel

Sola gjekk ned i skoddebanken vest i havet 1. pinsedag

Etter ein kald etterjuls-vinter/vår var det på tide med ein tur på hytta igjen. Vi nytta høvet å køyre den nyåpna vegen i Bremanger-sambandet. Nydeleg vêr og vakker og natur, og betre veg enn langs fjorden via Davik. Vi har aldri vore så seine med å reise ut på hytta som i år, men kulden og litt sjukdom gjorde at det vart slik i år. Finevêret og varmen som kom til 17. mai heldt seg over pinsehelga. Varmt og fint ved havet også. 2. pinsedag kom Audny m/fam og svigerfar Lidvard utover. Ho og Roger hadde 25. års bryllaupsdag den 21. mai og vi var invitert på middag på Knutholmen hos Svein I. Fosse i Kalvåg. Han var underhaldande servitør og vert for oss. Sonen er kokk og heile familien jobbar der i sesongen.  http://knutholmen.gasta.no/. Tysdag vart det vêrskifte igjen, med skodde og regn, så vi reiste inn att utpå dagen etter å ha handla reker hos Br. Larsen i Kalvåg.

torsdag 7. februar 2013

Jan/febr 2013

 


Til jul fekk eg boka til Dronning Sonja og har kosa meg med denne no i januar. Ein må berre bli imponert over hennar energi og arbeidskapasitet. Boka er også historisk lærerik med mange private bilder. Vi fekk også signert bok av Toralv Maurstad til jul. Den er også under lesing. Eg skiftar litt mellom lydbok og prenta bok, godt å kvile augene av og til.
Elles har eg lånt dei 4 lydbøkene til Nattens Brød av Falkberget på biblioteket og er nett ferdig med dei. Eg har brukt litt tid på dette prosjektet. Som ein kuriositet har eg kjøpt DVD-filmen An-Magritt frå Platekompaniet, men vil vente med å sjå den, gjekk vel som TV-serie for mange år sidan. Eg fekk anbefalt Platekompaniet av Elin ein gong, og dei kan skaffe det meste av gamle filmar etc. Tidlegare har eg lånt Duun sine 6 lydbøker om Juvikfolket. Eg blir litt lei moderne krim etc. og tykkjer det er artig å repetere dei gamle klassikarane.  No prøver eg meg på lydbøkene av Hamsun, Landstrykere. Er spent på om det vil fenge...