Hornelen frå ein ny vinkel
Sola gjekk ned i skoddebanken vest i havet 1. pinsedag
Etter ein kald etterjuls-vinter/vår var det på tide med ein tur på hytta igjen. Vi nytta høvet å køyre den nyåpna vegen i Bremanger-sambandet. Nydeleg vêr og vakker og natur, og betre veg enn langs fjorden via Davik. Vi har aldri vore så seine med å reise ut på hytta som i år, men kulden og litt sjukdom gjorde at det vart slik i år. Finevêret og varmen som kom til 17. mai heldt seg over pinsehelga. Varmt og fint ved havet også. 2. pinsedag kom Audny m/fam og svigerfar Lidvard utover. Ho og Roger hadde 25. års bryllaupsdag den 21. mai og vi var invitert på middag på Knutholmen hos Svein I. Fosse i Kalvåg. Han var underhaldande servitør og vert for oss. Sonen er kokk og heile familien jobbar der i sesongen. http://knutholmen.gasta.no/. Tysdag vart det vêrskifte igjen, med skodde og regn, så vi reiste inn att utpå dagen etter å ha handla reker hos Br. Larsen i Kalvåg.
1 kommentar:
Nydelige bilde frå nydelige dagar. Fekk lyst å prøve den nye vegen til Bremanger, det får bli neste godvêrsperiode, kanskje.No er det så surt og kaldt at det ikkje fristar å vere ute.
Legg inn en kommentar