torsdag 26. mai 2011

Jentefotball er gøy!



Kristine sitt lag (11 år) spelar i 12-års-serien. Stein Inge er trenaren deira. Det er første året dei spelar ordinære kampar. Tidlegare har det vore turneringar (Henning er i gang med det). I dag spela dei heimekamp på Eid Idrettspark (kunstgras) mot Vikane. Dei vann 6-5 sjølv om det andre laget var 12/13 år, iflg. Kristine. (Første tapet til bortelaget, var det sagt, kanskje Heidi frå Innvik var der?) Eg gjekk trimtur med Mira og stoppa ei stund og tok nokre bilder, ikkje godt å halde Mira i ro så kvaliteten på bilda vart ikkje heilt gode. Dette var 4de kampen deira.

torsdag 12. mai 2011

Ei sann historie frå krigen, delvis knytta til Nordfjordeid


Denne boka har det vore skrive litt om i media. Eg fekk anbefalt boka på biblioteket og Svein har lese den. Pleiemora til hovudpersonen, Edgar, var Agnes Sætre frå Nordfjordeid. Kanskje Besta hugsar noko frå denne hendinga? Hovudpersonen lever framleis.

søndag 8. mai 2011

Atlanterhavsparken

Vi har besøkt Kris i Ålesund i dag. Han les til eksamen og tek seg ikkje tid å reise heim i mai. Vakkert og varmt ver i dag, så vi reiste ut på Tueneset friluftsområde. Utruleg vakkert der ute, såg bl.a. over til Kvitneset der vi var i sept. i fjor med Øystein som guide. Vi var innom Atlanterhavsparken og såg på mating av pingvinane ute og alle fiskeartane inne i bassenga. Eit flott anlegg som vi lenge har snakka om å besøkje. Etterpå var vi inn i sentrum av Ålebyen og såg på folkelivet. Det vart ikkje tid å vitje Besta i Ørsta denne gongen.

"Mai du milde" - Laurdag den 7.


I ettermiddag feira vi dagen til Stein Inge på verandaen i vakkert vårver. Koseleg kaffistund med gode kaker og kanelsnurrar. Då vi reiste heim att, tok vi ein tur bort på Hærmuseet og såg på det flotte skiltet som fotograf Lars Lunde og Plassens Venner har sett opp ved utescena. Det skal kome opp eit par stykker til. Mykje dugnadsarbeid denne tida i Malakoff. I Øyane har det vore hesteutstilling denne helga. Audny og jentene har vore med å jobba med matservering/kiosk der til inntekt for Eid Ride og Køyreklubb.

mandag 2. mai 2011

Måndags-trim

Denne helga har mandeltreet i hagen vår slått ut i full blomst.

Vegvisar ved "Tsjernobyl". Her kan ein velje om ein vil gå opp på Fossane eller gå andre råser i området.

Dette er "Tsjernobyl", vassreservoaret ovanfor Vårsætra.

Her ser ein ned på N.eid sentrum frå Utsikten, gardstunet til "Olen" midt på bildet. Litt dis i lufta i dag så det vart ikkje så gode bilder av fjellheimen i sør. Får ta det ein annan gong.

Vi er blitt tipsa om ei fin trimløype/skogsveg som går vestover frå "Tsjernobyl" ovanfor Myklebuståsen. I dag var det høveleg ver og vi trengde å røre litt på oss etter bursdagskalaset i går hos Lise og Kjell i Stryn. Vi køyrde opp i øvre Myklebuståsen og gjekk derifrå. Det er fint å gå på grusveg og i terreng. Etter ein tøff vinter med kulde og glatte vegar er det ein fornøyelse å vere ute i skog og mark. Fin rasteplass ved Utsikten med bord og benker og trim-bok å skrive namnet sitt i. Hadde ein koseleg prat på benken med ei dame vi kjenner som også var på tur. Eit par familiebarnehagar var også på tur, men dei gjekk berre opp på Vårsætra der det er trygt og fint for ungane å leike.