Eit lite minne frå i sommar som kan varme litt i vinterkulda! Her er tre av barnebarna som er født i 94 og 95 med eige stand på sommarshoppinga i gata. Dei sel gamle spel, bøker og liknande.
Desse flotte krukkene stammar frå Hildegard, men har i mange år pynta opp på kjøkkenet til Hilde på Os. Der blir dei tatt godt vare på, og berre tatt ned til forsiktig vask ein gong eller to i året!