
Vakker park mellom elva og hotellet, mange statuer.

Fiskaren i fossen er ei statue.

Eit triveleg hotell

Stall K, eit flott anlegg med utandørs- og innandørs ridebane, mange stallar og flotte hestar.
Leirskule, kurs, kjøp/sal av hestar m.v.

På ein slik plass er det fint å ha mange kattar, her er den finaste vi såg:

Fabiano på plass i hestevogna, Roger er erfaren hestekar:

Farvel til Stall K:

Vel heime på hestesenteret på Nordfjordeid:

Fam. til Audny har selt hesten, Don, til K-stall i Kongsberg. Wendy er på fòr i Sykkylven og vil også bli selt. I staden har dei kjøpt seg ein 4-års valak som vi var med dei ned og henta sist helg. Vi køyrde i to bilar - vi skulle vere følgjebil om det skulle bli problem på heimvegen og Svein reservesjåfør. Vi køyrde over Sogn og hadde ein heller våt tur nedover Hallingdalen, med skodde og ein del vatn i vegbana. Dei unge køyrde til Liersenteret for å handle hesteutstyr, men vi to pensjonistane køyrde direkte til Kongsberg. Vi var alle bortom stallen og såg på hesten og sjekka at hengaren stod på plass. Don hadde hatt den nedover tidlegare i sommar. Audny hadde bestilt rom på Quality hotel ved elva i sentrum øst i Kongsberg, ein koseleg del av byen. Vi køya tidleg etter ein betre middag på Big Horn Steak House og var oppe tidleg søndag til fint vér. Etter ein god frukost gjekk turen til K-stall for å klargjere hestevogna og Fabiano, som hesten heiter. Han er ein god del større enn dei tidlegare hestane deira og skal trenast opp til dressur-riding av Ingrid. Det gjekk fint å få hesten i vogna, så vi køyrde frå Kongsberg kl 10 og var heime kl 17. Hesten stod fint i vogna, sjølv om det var ei ny erfaring for han, så vi køyrde i eitt strekk - 4 t. til ferja på Fodnes. I og med at hesten var roleg i vogna, trengde ikkje Audny avlastning med køyringa, så vi hadde ein avslappande pensjonist-tur bak hestevogna heimover. Det var ein fin tur over Gol og Hemsedal-fjellet.