søndag 18. desember 2011

4. søndag i advent

Fint å stå opp til nysnø i dag tidleg. No har brøytebilen vore her og Besten er ute og fresar. Fredag hadde vi ein fin tur til Ørsta og Ålesund, var heldige med veret. Vi fekk med ca 5 kg ferdigmalen seifarse frå storfiskaren + litt seifilet (har igjen filet frå sendinga i okt). Steikte halvparten av farsen i går, i tillegg til krumkaker av ferdig deig i kjøleskåpet. Har steikt resten av seikakene i dag, fint å ha ferdig middag i frysaren. Eg bruka oppskrifta til Lars Barmen i "Norsk mat", enkel og grei. Steikt løk/paprika m.m. kan ein eventuelt servere som tilbehør, lettare å få ungdomen til å ete fiskekaker då, trur eg. I kveld er det familie-selskap for Hans Petter som vart 21 år i går. Utruleg at det er eitt år sidan han var ferdig med militærtenesta.

2 kommentarer:

Besta sa...

Eg tykte nesten synd i deg då eg såg all fiskefarsen som du må lage opp før jul-håper du ikkje vart all for lei. Før brukte eg å lage av 10 kg fisk når eg først bala med det, men då hjelpte Nils til med steikinga.No lagar eg berre 3-4 middagar om gongen. Eg er ikkje fornøgd med nokon av oppskriftene mine, så eg skulle gjene hatt di. Har leita på nettet, men ikkje funne den. Det går godt an å putte melen fisk i foodprosessor viss ein vil ha fiskekakene finmelne.Ungar likar ofte fiskekaker i brun saus.(Vi har det av og til)

Hildegard sa...

Viss eg lagar fiskekaker av seifilet frå frysaren, brukar eg også foodprosessoren, men då mindre porsjonar.