søndag 19. oktober 2008

Søndagstur

I dag hadde Besten og Kristoffer køyre-time, lenge sidan sist. Til slutt vart eg invitert med dei på køyretur til Stigedalen. Veret var så lagleg at vi tok oss ein rask spasertur inn til Sagesætra.
Møtte LillleMø, gubben og Viktor som hadde gått heilt til Movatnet. Ser på yr.no at det blir mykje dårleg vér i veka som kjem, så det var bra at vi kom oss ut ein tur i dag. Bildet viser Bakkesætervatnet frå vestsida. Hadde ikkje med kamera, måtte derfor bruke mobilen, så det vart litt "malerisk". Besten fortel at det var ved denne gamle furua dei festa båten når han og faren skulle hente ryggsekkar og utstyr når dei var på fisketur innover dalen. Dei fekk låne ei hytte i austenden av vatnet og kunne vere der eit par tre dagar i slengen. Vatnet har grodd mykje til med siv sidan den tid, men fisken "hoppa" også dag.

lørdag 11. oktober 2008

Gratulerer!

Svein Kåre og Maleenee gifter seg i dag i Oslo.
Anne og Svein reiste til bryllaupet i går, dei kosar seg nok
i lag med barnebarnet, vesle Anne Johanne som snart er 2 år.
Gratulerer med dagen frå heile storfamilien på N.eid.

onsdag 8. oktober 2008

Vinter-ved

Haustferie (potete-ferie kalla vi det før - då ungane måtte arbeide når dei hadde fri frå skulen) betyr at Besten får hjelp til å få vinterveden i hus. I år er det Øyvind og Kvh.papen som hjelper til. Fire turar til Rognes ved Hornindalsvatnet - 4 mål ved - 2 turar i dag og 2 i morgon. Besten er litt usikker på om raude-jeepen klarer turen endå, må køyrast inn etter motoroverhalinga. Med den og hengar hadde dei klart det med 2 turar. Godt å ha minst eitt mål ved i reserve! Vi lagrar veden til LilleMø også, for dei har ikkje lagerplass anna enn til sko! Besten har ein god gamal arbeidskollega som har framifrå ved. Kjekt å treffast ein gong i året og mimre om gamle dagar. Med så mange strame gutar i familien burde vi sjølvsagt fått oss ein skogateig, men det får vi ta litt etter kvart. Fyrst må Kvernhuspapen bli ferdig med garasjen sin. Min vesle andel i dette er sjølvsagt matservering, men utan mat og drikke........

Operette

Bildet er av hovedrolleinnehaver, tenor Kjell Magnus Sandve v/Den norske Opera og lokalt gutekor (10 - 13 år). Eit artig innslag, les meir i Fjordabladet/Eidaportalen.

I går kveld var eg og såg generalprøva på operetta "Hertuginna av Chicago". Skandinaviapremiere ved Opera Nordfjord! Var så heldig å få "gratis"billett av Strikkefar. Kort tid å bestemme seg på, så eg måtte gå åleine. Uhøgtideleg og koseleg, artistane var i kostyme og alt var nesten som på ordinær framsyning. Vakker og lett musikk, kjende operasongarar, lokalt kor og artistar, vakre lettkledde danserinner. Ein måtte berre bli i godt humør. Kan anbefalast.