onsdag 8. oktober 2008

Vinter-ved

Haustferie (potete-ferie kalla vi det før - då ungane måtte arbeide når dei hadde fri frå skulen) betyr at Besten får hjelp til å få vinterveden i hus. I år er det Øyvind og Kvh.papen som hjelper til. Fire turar til Rognes ved Hornindalsvatnet - 4 mål ved - 2 turar i dag og 2 i morgon. Besten er litt usikker på om raude-jeepen klarer turen endå, må køyrast inn etter motoroverhalinga. Med den og hengar hadde dei klart det med 2 turar. Godt å ha minst eitt mål ved i reserve! Vi lagrar veden til LilleMø også, for dei har ikkje lagerplass anna enn til sko! Besten har ein god gamal arbeidskollega som har framifrå ved. Kjekt å treffast ein gong i året og mimre om gamle dagar. Med så mange strame gutar i familien burde vi sjølvsagt fått oss ein skogateig, men det får vi ta litt etter kvart. Fyrst må Kvernhuspapen bli ferdig med garasjen sin. Min vesle andel i dette er sjølvsagt matservering, men utan mat og drikke........

2 kommentarer:

Elin sa...

Bra at gutane lærer seg opp til å bli skikkelege mannfolk som kan ta i eit tak eller to! Kjekt at du likte operetten, er der fleire fribilettar, så skrik ut. Men akkurat i går på ein times varsel var det vanskeleg.
I kveld er det øving i Rygg songlag, så no er eg snart på veg. Vanlegvis er det torsdag som er øvingskveld.
I morgon har eg avtale med ein viss herremann på Almenningen om morgonen....etterpå er det saumprosjekt på Os.

Besta sa...

Godt å ha rikeleg ved. I år har det vore lite veding her i garden, men vi har att frå før. Og etter at vi kjøpte varmepumpe går det sjølvsagt mindre ved.
Og så har vi ikkje tilgang til så mykje god arbeidskraft som de.