tirsdag 22. november 2016

Ein spesiell laurdag

Frank Aarebrot:
Sist laurdag var Eid Pensjonistlag og Eid Folkeakademi arrangørar for foredrag av Frank Aarebrot  i Aulaen på Fjordane Folkehøgskule, "Gullkysten - regionreformen på Vestlandet".  Han trekte linjene attende til høvding, handelsmann og oppdagar, Ottar frå Hålogaland, som vitja kong Alfred av Wessex på 800-talet (https://nbl.snl.no/Ottar). Vidare hadde han meiningar om at vi vestlendingane måtte bli flinkare til å utnytte/bearbeide ressursane våre sjølve no når oljen tek slutt, og viste til fleire eksempel.  "Det er Oslo som har bruk for oss - ikkje VI som har bruk for Oslo", sa han. Han hadde litt meir tru på sunnmøringane.  Eit morosamt, tankevekkande og lærerikt foredrag.  Han snakka i  ein og ein halv time utan manuskript og røkepause. Dessverre var der ikkje ein einaste kommune-politikar eller gründer i salen.  Søndagen skulle han vere i Hornindal.



"En natt i oktober":
Då vi gjekk ut av Aulaen sat der to unge menn som vi kom i prat med.  Kort fortalt viste det seg at den eine var Marius Løken.  Han og ein kollega skulle halde foredrag om "Halloweendrapet" for elevar ved Folkehøgskulen.  Ein veldig sympatisk ung mann.  Det var kjekt å helse på han.  Eg kjøpte boka hans, fekk spesialpris kr 300.-.



tirsdag 27. september 2016

September 2016



Triveleg besøk frå Skedsmo i veke 37.  Ellen Marie hadde med ein vakker blomsteroppsats som står nesten like fin i dag.  Vi hadde nokre kjekke dagar i lag med henne - og ho fekk friske opp att gamle minner frå då ho budde i Alleen/Nordfjordeid før familien flytta til Sørumsand. Vi var heldige med veret, sommartemperatur, og stor aktivitet for å få ferdig Sagaparken før opninga på Eidadagane.



Hausttur til Bergen i veke 38:

Det er tre år sidan vi var i Bergen, så det var kjekt med ein tur igjen. Vegen Førde-Vadheim var mykje forbetra og det var ein del vegarbeid og opprusting av tunellar sørom Sognefjorden.  Det var vanskeleg med hotellrom nær Bygarasjen, så vi enda opp på Comfort hotel Holberg i Strandgata, eit rimeleg og enkelt hotell-tilbod som Stordalen driv.  Vi møtte eidarar på frukosten - i tillegg til Team Ingebrigtsen.  Kristoffer, som var med på turen til by'n, var i bryllaup til ein kamerat frå Eid som bur og jobbar i Bergen.  Vi besøkte brødrene Magnus og Stig i leilegheita på Danmarksplass nær Solheimsviken.  Der var kjøkken og bad nyoppussa, så det var blitt ei triveleg leilegheit.  Magnus og eg gjekk tur i Solheimsviken der BMV tidlegare hadde si verksemd.  No er området utbygd med nye kontorbygg, flotte leilegheiter og hovudkontoret til DNB.  Det var kjekt med ein tur til Bergen igjen. 
  
Bryggen i Bergen.  Statsråd Lehmkuhl ved kai:


Zachariasbryggen:


Laksevågbrua i det fjerne - og litt nærare den nye gang-/sykkel-brua over Damsundet i Solheimsviken:


Stor utbygging av næringskontor, DNB hovudkontor og ei mengd med flotte leilegheiter i Solheimsviken:


fredag 24. juni 2016

JONSOK 2016


Det vart jonsokfeiring i år også, trass i litt bygevêr utpå kvelden.  Oddvar stiller trufast opp kvart år og lagar til bål i Osvika og opnar naustet slik at vi kan sitje under tak viss det kjem ei byge.  I år kom mange av dei som bur på nedre Os, så det var ein heil flokk med folk frå 0 - 88 år,  ungar som kosa seg i fjæra og bikkjer i band. Minner  meg litt om korleis vi hadde det i Torvika før i tida når folk kom frå Myrold og Hafsås og brende bål i lag med oss i strandkanten.

onsdag 15. juni 2016

Gratulerer Hilde Bjørg med 50 års-dagen!


Eit historisk foto frå dåpsdagen til Hilde 3. juli 1966.  Ho var berre 18 dagar gammal, men kvikk og vaken i blikket.  Onkel Rasmus og farmor Amanda var fadder.

torsdag 5. mai 2016

Ein fin dag på JUV

http://www.juv.no/index.htm




I dag har vi eidarane besøkt foreldra og besteforeldre til Trygve på JUV gard i Utvik.  Ein vakker vårdag med omvisning i alle husa, tur i skog og mark og god mat. Vi var 18 til bords i triveleg selskap i Gamlestova. Svein, som endå slit med trasig hoste, var heime med Viktor. Trygve og Ingrid har vore forlova i 1 år og planlegg bryllaup til neste sommar.  Takk for ein fin dag!

mandag 15. februar 2016

Luftetur med Mira



Det nye byggjefeltet under opparbeiding i Høgaåsen ovanfor Hestesenteret


Den nye fleirbrukshallen under oppføring aust for Nordfjordeid Skule


Det nye Omsorgssenteret under oppføring aust for den gamle Sjukeheimen

Forrige og denne veka er vi hundepasser for Mira.  Det blir ein del lufteturar, og då er det kjekt å gå opp der sola skin.  Vi får sola i Alleen i slutten av veka.  Stor byggeaktivitet på Nordfjordeid i 2015 og 2016.  I tillegg til desse prosjekta er den Nye Moengården Amfi under oppføring vest for Sjøgata.  Det er også planer om å bygge Sagastad parkanlegg nord for Moengården i sjøkanten.

Plan for Moengården Vest
Moegården ny

http://www.fjordabladet.no/%E2%88%92-no-eller-aldri-for-sagastad/
Roger Bergset (t.h.), Cecilie Bjørlo og Kjell Arvid Storeide presenterte torsdag kommunestyret for løysingar som kan lette arbeidet med å realisere det historiske opplevingssenteret Sagastad. (Foto: Tormod Flatebø.)

Bergset-Bjørlo-og-Storeide



lørdag 2. januar 2016

GODT NYTT ÅR 2016!


Store mengder rakettar lyste opp på Nordfjordeid i år også.  


1. nyttårsdag tok vi turen til Os-vika der Oddvar hadde tent eit lite nyttårsbål i fjøra.  Stille og fint etter ei natt med storm (kanskje orkan?) i kasta.  


Seinare på dagen besøkte vi nyttårsbarnet 1995, Magnus, på Golvsengane, og gratulerte han med     21 årsdagen. No er han ferdig med militærteneste i Nord-Norge og er godt i gang med studiar i Bergen.