fredag 24. juni 2016

JONSOK 2016


Det vart jonsokfeiring i år også, trass i litt bygevêr utpå kvelden.  Oddvar stiller trufast opp kvart år og lagar til bål i Osvika og opnar naustet slik at vi kan sitje under tak viss det kjem ei byge.  I år kom mange av dei som bur på nedre Os, så det var ein heil flokk med folk frå 0 - 88 år,  ungar som kosa seg i fjæra og bikkjer i band. Minner  meg litt om korleis vi hadde det i Torvika før i tida når folk kom frå Myrold og Hafsås og brende bål i lag med oss i strandkanten.

2 kommentarer:

solveig sa...

Koseleg tradisjon!
I går sat vi og mimra om den tida vi spidda pølser, då grilling ikkje var oppfunne ...

Hildegard sa...

I Osfjæra blir det spidda pølser framleis, ikkje alle har med grill. Oddvar er ein kløppar å spikke spiddepinnar.