torsdag 26. februar 2009

Første soldagen i Alleen

"Soloppgang" kl 12.30 i sør

I nord - Myklebuståsen mot Fossane, der dei har hatt sola lenge.

Vi skulle hatt sola her for ei veke sidan, men det har vore dårleg ver, så først i dag fekk vi sjå henne på Hildegard i år. Vanlegvis er første glimtet av sola i Os-gjølet, men no kliv ho heile fjellet frå Trollenykjen. Ein blir lettare til sinns med ein gong. Må nok ut og nyte dagen. Rømmegraut til middag - to dagar forsinka frå feitetysdag.

lørdag 21. februar 2009

Gratulerer Henning med 5-års-dagen!


Lisjebroren på Os og minstemann i storfamilien, fyller 5 år i dag. Ein blid og festeleg fyr.
Gutteselskap før kl 18 og familien frå kl 18. Pedagogisk bra dataspel frå Bjørnar og flott flisejakke frå Kristine, som vist på bilda. Stor feiring med heile familien samla frå 81 - 5 år. Takk for ein fin kveld.

torsdag 12. februar 2009

Lydbok

William C Gordon
Er nett ferdig med lydboka "Summen av dagene ", siste boka av Isabel Allende (66 år), lese av Anne Marie Ottesen. Første boka eg har lese av henne, men har sett filmen "Åndenes hus" eit par gonger. Boka var veldig personleg (biografi) og underhaldande, fekk lyst å lese fleire av bøkene hennar, iflg. Wikipedia har ho skrive 16 bøker til no. Ho er sambuar med William C Gordon, som er hennar "store kjærlighet" gjennom dei 20 siste åra. Han er advokat, men skriv også bøker på sine eldre dagar (han har eg googla). Dei bur i eit nytt "Åndenes hus "i California.

tirsdag 10. februar 2009

Gratulerer Margunn!


Foto av øvre Myklebuståsen og Fossevegen i dag i middagstider, tatt frå balkongen vår mot nord. Beklager ledningane som skjemmer bildet:
I år rundar det "unge" ekteparet Strøm 40 år, Margunn i dag og Stein Inge i mai. Dei har ikkje tenkt å feire stort, blir truleg ein tur til sol og varme i april, berre dei to. Fornuftig.
Presangen vår får vere at vi skal stelle heime mens dei kosar seg i varmen. Koseleg feiring i kveld med næraste familie i Kvh.v. Margunn er ei flink dame, nett ferdig med sjukepl.utd på 3 1/2 år delvis deltid, i tillegg til at ho har jobba ein god del. Det står respekt av dette. Ho likar godt å trimme og å gå i fjellet, ei interesse ho deler med S.I. Ein trimtur på Fossane eller Ossætra er gjort unna på ei lita kveldsøkt. Vi gratulerer med ferdig sj.pl.utd. og bursdagen i dag!

onsdag 4. februar 2009

Bursdag og horoskop

Mange bursdagar i familien for tida. I dag er det Strikkefar (svigerson) som har bursdag.
I morgon er det systera mi, Anne Marie. Gratulerer begge to!
Det betyr at vi har mange "vannmenn" i familien. Iflg. horoskop eg har lese, skal dei passe godt i lag med "tvillingar", så det skulle i alle fall vere full klaff for Strikkemor? Mor og far var også vannmann og tvilling, og det gjekk veldig bra i 64 år.
Var usikker på om Strikkefar aksepterte bilde i bloggen min, men så sa Strikkemor at han er så ofte i avisa, at det skulle ikkje gjere noko. Bildet er nokre år gamalt, men eg tykkjer det viser Strikkefar på sitt beste - glad i familien sin og katten. Dessutan likar han godt å vere ute og brenne bål i Os-fjæra og gjere det koseleg for oss andre i familien. Tusen takk for det! Vi gled oss til ein ny bålsesong.