fredag 25. juni 2010

Storfint besøk i regnveret.

Besøk av Helene og Don, Ingrid og Wendy i dag i regnveret. Wendy hadde mista ein sko på sommarbeite på Skibenes, så Ingrid ville ikkje ri henne før ho hadde vore til "skomakaren".
I morgon er det reise med hestane til Stall Schilbred ved Kristiansund for ei veke leiropphald. Audny har tatt lappen for hestehengar og skal køyre. Roger er medhjelpar og god støtte både for ryttarar og sjåfør. Dei skal reise i lag med ei venninne og faren hennar som også skal køyre hestehengar. Får håpe det går fint. Lukke til!

Gratulerer med bryllaupsdagen den 27. juni!



I dag har Hilde og Oddvar 23 års bryllaupsdag. Gratulerer med dagen!
Begge døtrene våre gifta seg på prestekontoret i Prestegaren på N.eid. Fekk lyst å legge til foto av Audny og Roger som gifta seg i pinsa året etter. Dei bodde då på Ås og Kristoffer var berre 5 veker gamal.
Svein kommenterer bilda på sin måte:
På første bildet står brudeparet på gamletrappa, året etter er det ny trapp og rekkverk. Han sat ofte på den gamle trappa og prata med presten Løvold då dei bodde i paktarhuset i Prestegarden under krigen. Ottar, yngste sonen til presten, var fadder på han.
Olaug kan vel skrive meir om dette?

torsdag 24. juni 2010

Jonsok

I år var vi heldige med veret, så det var triveleg å vere i Os-fjøra og feire jonsok. Strikkefar hadde som vanleg gjort alt i stand til vi kom. Etter kvart som barnebarna veks til, er det vanskeleg å samle alle som i "gamle dagar", men vi er no ein bra flokk likevel. Vi sakna også gamlefolket på Os som er på besøk hos slekt på Aust- og Sørlandet. Viktor kosa seg og symde etter pinnar som dei yngste kasta til han. Også kjekt å vere inne naustet for dei minste.

mandag 21. juni 2010

SOMMAR


Eit typisk sommarteikn er når Besten hentar militær-jeepen, som er vinterlagra i låven hjå Strikkefar. Det har alltid vore stas for borneborna å vere med å køyre open bil. I går var det Kristine som var med på flyttelasset, ei aktiv jente som likar både å mekke og snikkere. Besten er stolt eigar av 3 jeepar, ein 1995 modell Cherokee, ein 1942 modell Willys MB og ein 1958 modell Willys Overland, som han har bygd om til stepside (tidlegare brannbil i Eid). Begge veteran-jeepane har han restaurert og hatt mykje arbeid med.

tirsdag 1. juni 2010



Sist søndag gjekk vi tur gjennom Malakoff på veg bort til Os. Området mellom Valhall og hotellet er no rydda opp og sådd plen. Fløyen til høgre på hotellet er ny. Selskapslokale/kurs- og konferanse-salar i 2. etg. (vi var der i konf. til Ingrid og Lars i fjor). Kjellaretg. er nettopp ferdig. Der er trimrom, massasjerom, symjebasseng, spa etc. + fint beplanta uteareale. Eg gløymde å ta bilde av "Sørgende mor". Det var så fint pynta ved statua med vakre blomar. Eit fint og nært turområde for oss som bur i flata.