tirsdag 22. november 2016

Ein spesiell laurdag

Frank Aarebrot:
Sist laurdag var Eid Pensjonistlag og Eid Folkeakademi arrangørar for foredrag av Frank Aarebrot  i Aulaen på Fjordane Folkehøgskule, "Gullkysten - regionreformen på Vestlandet".  Han trekte linjene attende til høvding, handelsmann og oppdagar, Ottar frå Hålogaland, som vitja kong Alfred av Wessex på 800-talet (https://nbl.snl.no/Ottar). Vidare hadde han meiningar om at vi vestlendingane måtte bli flinkare til å utnytte/bearbeide ressursane våre sjølve no når oljen tek slutt, og viste til fleire eksempel.  "Det er Oslo som har bruk for oss - ikkje VI som har bruk for Oslo", sa han. Han hadde litt meir tru på sunnmøringane.  Eit morosamt, tankevekkande og lærerikt foredrag.  Han snakka i  ein og ein halv time utan manuskript og røkepause. Dessverre var der ikkje ein einaste kommune-politikar eller gründer i salen.  Søndagen skulle han vere i Hornindal.



"En natt i oktober":
Då vi gjekk ut av Aulaen sat der to unge menn som vi kom i prat med.  Kort fortalt viste det seg at den eine var Marius Løken.  Han og ein kollega skulle halde foredrag om "Halloweendrapet" for elevar ved Folkehøgskulen.  Ein veldig sympatisk ung mann.  Det var kjekt å helse på han.  Eg kjøpte boka hans, fekk spesialpris kr 300.-.