lørdag 13. august 2011

Tur til innfjorden

Resepsjon og kafé, Sande Camping i Lodalen. Ein flott campingplass.

Campingplassen i sentrum av Loen. Skålatårnet ligg opp og bak fjellet til høgre i bildet:
Søndagstur til Loen. Besøkte Stig og Renate som skal attende til Bergen og studier i morgon.
Motbakkeløpet "Skåla opp" i dag, mykje folk i Loen. Vi tok turen opp i Lodalen etter at løpet var over. Kjøpte middag på kafeen til Sande Camping, ein fin og koseleg campingplass ved Loenvatnet. Stein og Margunn var med, Kristine ville vere igjen hos S+R og småsøkena hennar.

2 kommentarer:

Besta sa...

Veldig kjekt med slike små dagsturar. Ein treng ikkje fare så langt alltid.Eg har vore i Lodalen ein gong. Då var vi på "lærartur" til Nesdalen.Ein av kollegaene var frå ein av gardane der. Viss de har høyrt om barnet som flaut i vogga etter ulykka, så var det han.Då overnatta vi og hadde steikte krede til frokost.

arieldog sa...

Godt turtips!