lørdag 22. november 2008

Vinter

I dag vakna vi av snøplogen som fylte innkøyrsla vår med hardpakka snø. I og med at vi og dei fleste eigedomane har gjerde mot vegen, og vi har ei ganske breid innkøyrsle, er vi plaga med dette. Vi måtte til med handemakt for å få vekk snøen, snøfresaren klarte ikkje denne utfordringa, der snøen ligg laus, funka fresaren fint, men dette vart for tøft. Kjekt med snøfresar, men ein bør køyre den etter kvart som snøen kjem, og det kan no bli nokre turar for dag viss det snør jamnt. Av ymse grunnar vart ikkje dette gjort denne gongen og det straffa seg. Fint å vere ute i dag, fekk trimme for fleire dagar. I mørkninga var eg ute i hagen med vesleguten og veslejenta og laga snøhole. No har vi veslejenta på overnatting og det har roa seg i leiren. TV-kvelden startar med "Kvitt eller dobbelt" og "Hjarte på rette staden". God helg!

2 kommentarer:

Besta sa...

Fint å vere ute i snøen, når ein berre har helse og krefter til det. Det vart brått slutt med snømoking for mitt vedkomande. Dessverre.Men Nils er flink å moke etterkvart. Skulle ønske snøen kunne bli liggande, slik at eg kunne ta turar med spark.
Tettpakka snø i innkjørselen er eit problem her også-her er det ingen som har gjerde, så der stiller naboane likt.

Anonym sa...

mmaassee ssnnøøvv!!!
men heime har vi meir snøv laga mase snø hule