mandag 11. oktober 2010

Haustferie med tradisjon!

I og med at det iflg. yr.no skulle vere fint ver måndag og tysdag i haustferien, har Besten og Øyvind jobba med å få vinter-veden i hus. Besten har fast avtale med ein tidlegare kollega frå verftet og pensjonist-hobby-bonde, om minst 2 mål ved for året. Vi har opparbeidd oss ein liten "buffer" for å vere sikre på at vi ikkje går lens, noko som tyder på at vi verkeleg er pensjonistar! Kristine jobba også ei stund, men så fekk ho kusine-besøk og måtte ta seg av Mira som snart er 3 mnd. Som vist på bildet står veden no tørt og godt under tak.

1 kommentar:

Besta sa...

Ja, det er godt å ha rikelig ved i hus om vi skulle få ein liknande vinter som vi hadde sist. Vi har også ein liten "buffer"-godt med omnsvarme i tillegg til varmepumpa.