tirsdag 12. oktober 2010
Haust
I dag har nevø Svein Kåre, som bur i Oslo, bursdag. Gratulerer med 37 års dagen! Mange i familien har bursdag i oktober, bl.a. Astrid Sundal 75 år og Peder Ådland 95 år.
Bildet av rosebuska med knuppar har eg tatt no i kveld. Ho har vakse heilt opp under rafta på garasjen og har det lunt.
Vi er byrja å lage til roterommet ute i gangen til closet room (garderobe). No har vi kle m.v. i fleire etg. og det er litt tungvint. Har overtatt nokre gode kleskåp frå 2. etg hos Audny som dei har måtta rydda ut i samband med ombygginga. Mykje arbeid å rydde etter all rivinga der nede, det blir fleire containerlass, godt det er fleire gutar i familien som har haustferie og likar å tene seg nokre kroner.
I dag har eg tatt influensavaksine, har gjort dette i mange år og har god erfaring med det.
Smykkeskrinet laga av skjell fekk eg av grandonkel Sigurd for over 50 år sidan. Han hadde ein kjenning som laga desse skrina og mange av jentene i fam. fekk kvar sitt. Fann dette no når eg rydda på roterommet. Tenkte på Ariel, som likar seg i fjøra med ungane. Å samle skjell og lage noko fint av dei, kan vere ein fin hobby.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
2 kommentarer:
Eit "Walk in closet" , som Rasmus kallar det,har eg ønska meg i alle år, gjerne med plass for strykebord og symaskin i tillegg til kleda. Berre tull med skuffer og skap i alle rom, og veldig tungvint for den som skal ha på plass klede etter vask t.d.
Nydelige roser, våre blomstrar også enno til tross for kalde netter.
Fantastiske roser, og eit godt tips det med sneglehus og skjel. Laga forskjellig før i tida, men har kome heilt ut av det. Brukte blant anna å kjøpe oasis og gå skogstur der vi leita etter greiner, mos og lyng m.m. til å lage dekorasjonar av om hausten.
Legg inn en kommentar