tirsdag 19. oktober 2010

Første snøen i fjellet.

I dag har regnet lagt seg som eit lett snølag på Trollenykjen, så vi vart inspirert til å leggje i omnen no i kveldinga. Det hender vi må passe to hundar på ein gong, Viktor og Mira, og det skjedde også i dag. Det blir ikkje mykje gjort slike dagar, men ein blir i grunnen i godt humør av å ta seg av dyr. Kvar for seg er hundane rolege, men i og med at Mira berre er 3 mnd og er veldig nysgjerrig på "fetter" Viktor, må vi for det meste halde dei adskilt. Bra er det at vi har kvar vår TV og PC, så då er det berre å kose seg. I dag har eg fått rydda og systematisert ein god del av alle bilda eg har på PC-en. Har scanna ein del gamle bilder som det også er kjekt å få lagt i mapper. I dag har Besten tatt influensavaksine.

1 kommentar:

STRIKKEMOR(O) sa...

Såg det var mange bilar ved legesenteret i dag då eg køyrde på jobb, så det var vel mange ute i same ærend som Besten. Ja, Arne og Carlos har viss vore på frukost-tv. Eg har ikkje sett det. Artige karar.