lørdag 20. september 2008

Home again!



Etter 10 dagars Englandstur, kom vi heim att i natt med Lote-ferga kl 01.00. I og med at vi reiste med privatbil til Drammen, buss til Oslo, danskebåten til København, buss til Esbjerg, båt/ferge til Harwich t/r, buss til Bournemouth/Beaulieu-markedet, buss til Ålborg og Hirtzhals, båt/ferge til Larvik osv. + div. bussturar i England, vart det mykje meir enn ein Englandstur for oss. Her er foto av B+B hotellet vårt i Bournemouth der vi var i 5 netter. Vi har budd der ein gong før. Rommet (dei to vindauga i 2. etg. på bildet) var knøttlite med god dobbelseng, vask, dusjkabinett (toilett på gangen). God engelsk frukost kvar dag. Vi var på farten heile dagane/kveldane, så det hadde ikkje betydning at rommet var lite. Reisefølget på 42 med guide og sjåfør, var fordelt på 4 slike små hotell i nærområdet. Verten vår har ein skada fot (også sist vi var der), men han ordna opp med servering og vitsar/historier til frukostgjestane sine. Meir frå turen seinare.

3 kommentarer:

arieldog sa...

Eg synest BB er det mest autentisk engelske ein kan oppleve som turist. Koseleg å lese om turen - velkomne heim!

Elin sa...

Skal bli kjekt å høyre meir om turen og om dama frå Drammen!

Besta sa...

Gler oss til å høyre meir frå turen. Dette er sikkert ein kjekk måte å reise på.Lurer på om det finst bussturar til England som ein kan melde seg på?