torsdag 18. desember 2008

Gratulerer HP med 18-års dagen i går!




I går kveld var det tradisjonell bursdagsfeiring på Os med besteforeldre, tanter/onklar og syskjenborn. Bildet er av ei ung gudmor, LilleMø, og dåpsbarnet. HP er blitt ein høg, sterk, kjekk ung mann med den gode replikken - lik både farfar og morfar. Godt for besteforeldra å få hjelp til tunge tak.

2 kommentarer:

Besta sa...

Må ikkje tru anna enn at eg tenkte på HP i går og på den dramatiske dagen då han vart fødd.Såg han for første gong andre juledag det året og då var han allereide "vaksen kar" med dongeribukse!Han var svært stor ved fødselen, kan eg hugse, og har ikkje akkurat minka med åra. Gratulerer med den kjekke karen!

Hildegard sa...

Ja, det var ein litt dramatisk dag i og med at Amanda også var innom sjukehuset den dagen. Trur det var første gongen vi skjøna at ho hadde hjarteproblem. Ho hadde vel kjent på det, men ikkje sagt noko til oss. Eidabesta