søndag 15. mars 2015

Søndagstur til Selje



Ytre Fure, heilt ut mot Stadhavet.ikkje veg dit, berre ei rås.  

Indre Fure.

Indre Fure.  

"Sildegapet".  Utsikt mot Mehuken vindmøllepark og Kråkenes fyr i sørvest.

Bygda Drage. Her var det Vikingane drog båtane over Dragseidet til Leikanger
ved  Vanylvsfjorden når det var dårleg vêr over Stadhavet.  
Det har vore skyss-veg over dette eidet før i tida.

Bautaen på "Kongshaugen". Her stod Olav Trygvason og tala til leiarane
for 4 fylke i år 997.  "Sildagapet" i sør.

Kong Harald var her på 1000-årsjubileet.

Steinkrossen som vart reist i 1913. Utsikt mot Vanylvsfjorden.

Arenaen for Dragseidspelet "På Sverdeggja".
http://www.dragseidspelet.no/2011/


Bilturen gjekk til Flatraket-Selje-Leikanger-Drage (Dragseidet)-Fure og heimover via Åheim og Maurstadeidet. Før vi kjøpte hytta ved Kalvåg, tok vi ofte ein biltur til Selje og Stadlandet i påska. Vi har vore på dei fleste stadane ute ved havet der, men aldri heilt til Fure. I dag hadde vi kjempever, sol og vindstille, såg mange soltilbedarar som hadde funne seg rasteplassar i fjøra ved vegen ut mot Fure.

2 kommentarer:

Besta sa...

Interessant tur de har vore på. Vi har ikkje vore på desse stadane - trur eg. Nydelig ved havet om våren !

Elin sa...

For ein flott tur, og så fint blogginnlegg! Du er dyktig!