søndag 13. april 2014

God påske!


Kosekroken i utestova er klar, men det har vore ein kald og utriveleg palmesøndag, berre 5-6 plussgrader og regn, så vi har fyrt i omnen og halde oss innadørs.  Tidleg i april hadde vi nokre fine dagar, trudde nesten våren var komen, då.  YR melder varmare og finare vêr frå fredag, så kanskje det blir ei fin avslutning på påska.  Vi som er pensjonistar, skal vel ikkje klage på veret, kan nyte dei fine dagane når dei kjem.  Vi får trøste oss med at "Aprils kulde, gir bondens løer fulle", kanskje ikkje heilt rett sitert?  Ønskjer alle ei riktig god påske!

2 kommentarer:

Besta sa...

April snø og mai kulde, gjør bondens løer fulle - sa mamma. Men der er vel fleire variantar av spådommen.

Hildegard sa...

Eg hugsar nok ikkje så godt som deg, googla litt på sitat og ordspråk i ettertid og ser at det er fleire variantar. God påskeferie!