søndag 19. juni 2011

Harpefossen hyttegrend

Øverst: Utsikt frå hyttefeltet og fram gjennom Smørdalen, Hjelmelandsdalen, mot den snødekte Gjegnen-fjellheimen langt i vest
Nedanfor:
Utsikt frå hyttefeltet mot dalen/skaret som går over til Fossane. Det skal visst nok bli ridesti frå Fossane til Harpefossen:

Dei øverste hyttene er langt oppe i fjellsida. God veg heilt opp:
Utsikt mot Tippasætra:
Lengst nede i feltet, nær det eldste trekket og Varmestova:
Vi tok oss ein biltur ut på Stårheim kyrkjegard, bursdagen til far og Elin i dag. Elin er i Dublin på songartur. Deretter køyrde vi gjennom Remmedalen og inn på Harpefossen. Vi har ikkje vore så langt opp i hyttefeltet tidlegare. Store hytter og flott utsikt, rikingar frå Måløy og Møre m.fl. har befolka dalen. Det er bygt eit heilt nytt skitrekk i tillegg til det gamle anlegget med varmestove og kiosk. Bygever i dag, fint når sola fekk sleppe til. Dei som har vore vekke i helga og siste veka er på veg heim igjen.

1 kommentar:

Besta sa...

Då vi var til Måløy snakka vi om å køyre over Remedalen og til Bjørkedalen på heimvegen, men var ikkje sikre på om all snøen var vekk. Vi vart nemlig ståande fast der ein gong. Veldig kjekt å sjå bilda dine, må snrt ha oss ein tur og sjå oss om på dei traktene.