torsdag 1. januar 2009

Julegåver




Fekk lyst å skrive litt om julegåvene vi fekk i år.
LilleMø og gubben spanderte skotøy. Dock Boots til Besten som han anbefaler på det varmaste.
Av Lappetausa fekk vi ein vakker qvilta juleløpar (90 cm x 37) + ei lita toilettveske.
Sjølvsagt altfor mykje, men kjekt å få for meg som ikkje syr sjølv. Tusen takk!
Kjekt med bøker også, gled meg til å ta fatt. Elles fekk vi dvd-filmar (så gode at dei p.t. er ute til låns), strømper, undertøy, TV-kanne, kortstokk, liten lysestake og diverse godtteri og småting. Artig å få presangar, sjølv for oss godt vaksne, tusen takk, og takk for ei fin jul i lag med familien.
Elles har vi kosa oss med den engelske TV-serien Cranford i jula.

3 kommentarer:

Besta sa...

Mange fine gåver! No når eg er gammal synest eg det er ekstra stas med det som er heimelaga,men eg beit meg også merke i romanen av Per Petterson, ein forfattar som eg likar godt. Vi fekk også mange fine gåver, men no har eg rydda dei på plass både her og der utan å ta bilde.

Hildegard sa...

Har lese "Ut å stjæle hester" tidlegare, den var spesiell og god tykte eg. Eidabesta

Besta sa...

DEn har eg lese to gonger. Les gjene om att bøker eg likar.