mandag 2. mars 2015

1. mars og søndagstur "på gjengrodde stier"




Mykje regn og vind siste dagane, ikkje mykje vi har sett til sola som vi har hatt i snart 2 veker.  Det var eit len midt på dagen og vi tok ein biltur til Stårheim og Stårheimsdalen.  Den garden som ligg lengst oppe i dalen på nordvest sida av elva, "Berget" eller "Nyberget", var barndomsheimen til oldemor Anne Botn, mor til farmor Anna Samuline Botn Torvik.  Oldemor var gift med Jørgen (Jørn) Botn, bonde, lærar og klokkar i Stårheim.  Farmor Anna var 11 år då mor hennar døde i 1893. Dei var 5 syskjen, ho einaste jenta som sikkert måtte ta mykje av ansvar for dei 3 yngre brødrene.  Året etter gifta faren seg opp att med syster til Anne, Helene Berge, og det kom fleire småsyskjen.

søndag 15. februar 2015

Valentine og Fastelaven

Utsikt til Gjegnen frå Torheimsvegen:


Utsikt frå skogsvegen i Os-fjellet:



Fin biltur i dag til Torheim i sol. Gjegnen var majestetisk! Vidare gjekk turen til skogsvegen i Os-fjellet i skuggeland.  Om eit par dagar ventar vi sola ned Os-gjølet. Godt at vi er ferdige med mørketida.  Denne veka er det vinterferie for skulane og vi skal passe Mira mens Kristine og familien er på tur.  Ser fram til mange fine lufteturar med bikkja.


Eid-jenter 15 år kvalifiserte seg til KM 7. febr.

lørdag 31. januar 2015

Januar




Legg ut eit bilde som Henning har tatt med mobilen sin i dag av den nye skogsvegen i fjellet ovanfor garden deira på Os. Den går frå Skibenes til Taklo/Strand, er ikkje heilt ferdig endå.  I dag var Svein med Henning og Oddvar og køyrde den nye vegen.  Dette blir ein flott turveg for trimmarar og andre.

 

torsdag 25. desember 2014

GOD JUL!


Fin julekveld for oss to pensjonistane.  Julemiddag hjå Audny m/familie og avslutning på julekvelden hjå Stein Inge m/fam.  7-8 minusgrader og vakker vinternatt då vi køyrde heim.
Kjekt når dei sju barnebarna som er vekke på skule og jobb kjem heime på juleferie og dei "elleve små" er samla igjen.  Lettvint å møtast når ein bur så nær kvarandre her på N.eid.  
Hjå Hilde er det tradisjon at besteforeldra på garden feirar julekvelden i lag med dei.
2. juledag prøver vi å samle gjengen her, sjølv om det nok blir litt forskyvningar på grunn av Liverpool-kamp...
Ønskjer alle ei riktig god jul!

onsdag 5. november 2014

Vinterstenging av hytta


Fin tur til Nesje og vinterstenging hytta i går. I år har vi for det meste køyrt vegen frå Isane gjennom Ålfotdalen og den nye tunellen til vakre Leirgulen  - Rugsund osv.  Skulle sjølvsagt tatt fleire bilder. Vakkert i leida inn mot Måløy, bildet er tatt frå Oldeide-sida mot Gangsøy og dei karakteristiske Måløy-fjella.  

torsdag 30. oktober 2014

Oktober 2014

Haustferie:  
Tur til Vårsætra og Utsikten med Henning og Hilde, måndag 6. okt.


Vinter i vente og snø på fjelltoppane kring N.eid i dag, torsdag 30. okt.






Jenter 15/16 år 9'ar-fotball vart kretsmeisterar i vind og regn på Eid Idrettspark laurdag 25. okt. Kristine, Helene og Marthe frå 13/14-årslaget fekk også vere med på seieren. (Fotograf Stein Inge).

No er vi attende til "normaltid", lysare morgonar, men tidlegare mørkt på kvelden.  Det har regna og blese  meir enn godt er, vind, rasfare og flom på Vestlandet, vi må nok "sule inn att" den fine sommaren vi hadde i år.  Det er fælt å høyre om alle som misser husa sine og får øydelagt jorda si av alt vatnet.  Også store øydeleggingar på vegar og jernbaner.
Vi har hatt to bursdager i familien i oktober.  Koseleg samvær med familien for Svein som fylte 73 år den 25.  Bjørnar feira sin 19 årsdag i Drammen der han no bur.  Litt vemodig med dei seks barnebarna som er flytta til studiar og jobb i Bergen, Kongsberg og Drammen - og ein til militære i Troms. Kristoffer og Hans Petter jobbar og bur i N. eid og Kristine og Henning går på hhv. Ungdomsskulen og Barneskulen.  Det er sjølvsagt kjekt at dei unge får seg utdanning og jobberfaring. Svein har "installert" seg i kjellar-verkstaden for vinteren, blir litt kaldt å jobbe i garasjen no etter kvart.  Snø i fjellet i dag, så då kjem vel også inspirasjonen til å måle bilder igjen.

fredag 3. oktober 2014

September og Haust

September månad gjekk så altfor fort.  Det starta med Kristine sin bursdag 3. sept.  Koseleg familiebesøk og her er eit par av gjestane i full konsentrasjon.


Litt lenger ut i månaden var vi på Låve-/gards-messe i Leivdalen.  Henning og Aron, barnebarnet til Elin, kosa seg stort.  Mykje å studere på, bl.a. ein nyfødd kalv og ein liten svart kose-gris, men traktoren var sjølvsagt også populær.


Ein tur til hytta vart det også, i midten av sept.  Litt knott-plager, så vi fyrde litt småved og prøvde oss på spesialiteten til Oddvar, bålkubbe i grua for å halde knotten vekke.  Vi fekk rydda mykje kring hytta, bl.a. saga ned eit par furetre som var blitt for store bak hytteveggen.  Det blir nok ein tur til før vi stenger for vinteren.


1. oktober kom Magnus heim på 7 dg. perm. frå Bardufoss etter ferdig rekruttskule. Kjekt å sjå han igjen etter 6-7 veker i "kongens klær".  Han måtte reise heim i permuniform, og det er sjølvsagt kjekt for oss besteforeldre å få så fint besøk; "knipsa" han med mobilkameraet, så kvaliteten er ikkje heilt god, håper at det blir fleire høve til fotografering seinare.


søndag 31. august 2014

Russ -64, 50-års jubilêum


Onsdag/torsdag denne veka har eg vore med på samling for Russ 1964, jubilêum for elevar som tok artium ved Eids 2-årige Gymnas for 50 år sidan. 
Sist vi hadde samling var for 25 år sidan, då vi endå var “unge”.  Denne gongen var det ekstra sterkt å møte igjen gamle elevar.
Vi hadde det veldig kjekt, middag på Nordfjord Hotell onsdag kveld med kåseri/historikk om skulen av tidlegare rektor ved skulen, Reidar Sørland. 
Omvisning i Operahuset/Evg skule torsdag, der operasjef Kari Standal Pavelich orienterte og heldt ein minikonsert for oss på fiolin.
Vi fekk også omvisning i systove og kostymelageret til Operaen i tidlegare lokaler for yrkesskulen i Øyane.  Dette stod Ingegjerd og Terje Heggen for, som også var russ i 1964.  Dei er begge sterkt engasjert i dugnadsgjengen til operaen.


Les om skulen på desse linkane:
http://eid.vgs.no/cms/eid/cms.nsf/$all/4C7E91B9EDF880F7C125727B0048DF2D?open&qm=wcm_1,2,0,0
http://eid.vgs.no/cms/eid/cms.nsf/$all/D06ACA9E748B9AB7C12572A00039BA67?open&qm=wcm_1,2,8,0

torsdag 24. juli 2014

Varmebølgje i juli


Henning og pappa på båttur ned elva og ut til Os-vika sist søndag.  Vi andre tok bil, og hadde nokre fine timar der ute med bading og kaffikos.  HP symde tur/retur til Os-vika, og såg på det som behageleg trening i sommarvarmen.
Etter eit par dagar med etterlengta regn i forrige veke, skein det opp akkurat til Malakoff Rock Festival sist fredag.  Sidan har det vore syden-varme kvar dag.  Svein fekk båten på sjøen før festivalhelga etter å ha vore på slipp for reingjering og botnsmørjing.  Det har vore fint i båthamna med yrande badeliv både ved elvebredda, utanfor moloen og i Os-vika. Folk har bada og kosa seg langs heile Strandgt./sentrumsvika.  N.eid har eit flott sentrum med kort veg til butikkar, kafêar m.m. og sjø/elv.  Måndag reiste vi på hytta og kom inn att i går kveld. Meir behageleg temperatur ved havet, men varmt der også.  Vi fekk slege plen og rydda litt på tomta i tillegg til full avslapping. Godt å kvile ut og ha det stilt og fredeleg etter festivalhelg med mykje støy og yrande folkeliv.

søndag 6. juli 2014

Søndagstur










Vakkert i Myklebustdalen i Breim i dag.  Kombinerte turen med eit besøk til systra mi, Elin,         på Rygg.  Ho kunne fortelje at ho nyleg har vore på Myklebuststøylen i lag med Jenny.  Ho har også gått vidare over fjellet til Stardalen for nokre år sidan.  

fredag 4. juli 2014

Ørsta-tur 02. juli.




Onsdag hadde vi eit ærend til Ørsta og køyrde Kvivsvegen for første gong etter at han vart heilt ferdig no i sommar.  Olaug anbefalte oss å stikke nedom "Paddeland i Austefjorden", og då Kristine var med på turen, vart det ekstra artig.  Vi shoppa litt på Amfi før vi besøkte Olaug og Nils, hadde ei kjekk pratestund der.  Vi fekk ein "gullbryllaupsblome" med dei, og den pyntar fint opp på verandaen vår.

onsdag 2. juli 2014

Gullbryllaup 27. juni.






Roleg feiring av dagen heime i Alleen i vakkert sommarvêr.  Fleire i familien på ferie eller vekke i sommarjobb, så vi får sjå om vi kan samlast seinare i sommar.